Bad eller kjøkken

Du treng ikkje å søkje

  • dersom du skal installere, rive, endre eller reparere våtrom, kjøkken og enkle installasjonar i eksisterande byggverk innanfor same brukseining eller branncelle.

Hugs at rommet må være godkjent for varig opphald. Dersom det ikkje er godkjent for varig opphald, må du søke om bruksendring.

Trykk her for å lese meir om bruksendring.

Du må søkje med hjelp frå fagfolk

  • dersom brannskillet blir brote eller når du gjer endringar i bærande vegg eller konstruksjon (brannskillet blir som regel brote når du skiftar sluk eller soilrør).
  • dersom du skal opprette nye bueiningar med bad eller kjøkken.

Trykk her for å lese meir om å søkje med hjelp frå fagfolk.

Slik søkjer du

  1. Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine søknadsskjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
  2. Til bad og kjøkken, brukar du søknadsblankett 5174 og 5175.
  3. Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre.
  4. Skjemaet sender du på e-post til post@vaksdal.kommune.no eller med posten til Vaksdal kommune, Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam.

Kva kostar det? 

Sjå oversikt over prisar.

Treng du rettleiing i byggjesaksspørsmål?

Send ein e-post med spørsmålet ditt til post@vaksdal.kommune.no. Vi svarar på e-posten din innan 10 dagar.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak.


Sist oppdatert: 22.02.2023
Publisert: 28.08.2018