Bruksendring
Skal du bruke bygget, delar av bygget eller eit eller fleire rom i bygget til noko anna enn det er godkjent til? Då må du søkje om bruksendring.
Eksempel på tiltak som krev bruksendring:
- Du ønskjer å bruke hytta di til heilårsbustad
- Du ønskjer å bruke loftet til soverom
- Du ønskjer å bruke eit næringsbygg til bustad
Målet med søknadsplikta er å sette kommunen i stand til å vurdere om den nye bruken er lovleg og krev nye tiltak, til dømes når det gjeld brann, lys, rømmingsveg og så vidare. Vi gjer merksam på at søknadsplikten gjeld sjølv om du berre skal endre bruken utan gjere bygningsmessige endringar i eller på sjølve bygningen.
Krav til søkjar
- Endringa du skal gjere må vera i samsvar med gjeldande plan (kommuneplan/reguleringsplan)
- Du må varsle naboane om endringa – Trykk her for å lese meir om nabovarsling
- Sjekk om forhold som gjeld veg, vatn og avløp er sikra, og vurder om bruksendringa krev nye avklaringar i forhold til veg, vatn og avløp
- Sjekk om bruksendringa krev ny tilkomst til eigedommen
- Ver klar over at endring av ein bygning normalt vil føre til at du må følgje dagens krav til byggverk i byggteknisk forskrift.
Trykk her for å lese om tekniske krav ved tiltak i eksisterande bygg, døme på unntak frå plan- og bygningslova § 31-2.
Dette kan du søkje om sjølv
Dersom du skal endre bruken frå tilleggsdel til hovuddel. Døme på dette er å ta i bruk kjellar eller loft til soverom og stove. Dette gjeld kun innanfor ei brukseining. Du kan ikkje søkje om bruksendring frå loft til leilegheit i ei bustadblokk sjølv.
Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom
- Du skal endre bruk av bygningen, til dømes frå fritidsbustad til bustad
- Du skal endre bruk frå næringsbygg til anna næringsføremål , til dømes frå industri til restaurant
- Du skal endre frå næringsbygg til bustad
- Du skal ha ei ny bueining/leilegheit i bustaden din
Det er ansvarleg søkjar som må fylle ut og sende inn søknad for deg. Fagfolk må både stå for prosjekteringa og sjølve arbeidet. Alle føretak som tar på seg ansvar i saka di, må erklære ansvarsrett.
Trykk her for å lese om ansvarsrett på Direktorat for byggkvalitet sine sider.
Trykk her for å lese meir om å søkje med hjelp frå fagfolk.
Slik søkjer du
- Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Direktoratet for byggkvalitet.
- Skal du søkje om bruksendring sjølv? Bruk blankett 5153.
- Skal fagfolk søkje for deg? Bruk blankett 5174 og 5175.
- Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under.
- Skjemaet sender du på e-post til post@vaksdal.kommune.no eller med posten til Vaksdal kommune, Konsul Jebsensgate 16 , 5722 Dalekvam.
Søknaden må innehalde:
- Ei skildring av det du vil endre
- Opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet. Bruk blankett 5155 og 5156 på sidene til Dibk.
- Merknader frå nabo(ar) og eventuelt dine kommentarar til merknaden.
- Situasjonsplan som viser det du skal byggje må:
- vere målsett
- vise kva du skal bygge
- vise avstand til nabogrense
- vise avstand til vegmidte for offentleg veg (der det gjer seg gjeldande)
- vise forholdet til byggegrense der det går fram av reguleringsplan (der det gjer seg gjeldande)
- vise avstand til sjø/byggegrense mot sjø (der det gjer seg gjeldande)
- Teikningar i målestokk som viser kva du skal byggje. Det må gå klart fram av teikningane kva det er du skal byggje:
- fasadeteikningar – må vise før- og ettersituasjonen
- planteikningar (innvendig i bygningen av alle plan) – må vise før- og ettersituasjonen
- snitt
- Grunngitt søknad om dispensasjon, dersom tiltaket krev det.
- Uttale/vedtak frå andre mynde.
- Eventuell søknad om unntak frå byggteknisk forskrift, jamfør plan- og bygningslova § 31-2 4. ledd. Søkjar har ansvar for å sjå til at vilkåra er oppfylt. Du må greie for kva delar av byggteknisk forskrift som du søkjer unntak frå.
- Informasjon om tilkomst, vassforsyning og avløp
- Endra bruk kan løyse ut nye krav når det gjeld desse forholda
Når fagfolk skal søke, må søknaden i tillegg innehalde:
- Gjennomføringsplan. Bruk blankett 5185.
- Erklæring om ansvar. Bruk blankett 5181.
Kva kostar det?
Trykk her for å sjå oversikt over prisar
Kva seier lova?
Treng du rettleiing i byggjesaksspørsmål?
Send ein e-post med spørsmålet ditt til post@vaksdal.kommune.no. Vi svarar på e-posten din innan 10 dagar.