HeimLedige stillingar

Ledige stillingar

Takk for at du vil søkje jobb i Vaksdal kommune!

Alle søkjarar må registrere CV og sende inn søknad via vårt elektroniske rekrutteringssystem.

Vi søkjer etter Rådmann - frist 10.12.2018

Me søkjer ein relasjonssterk, drivande og synleg rådmann som i godt samspel med politikarar, tilsette og lokalt næringsliv skal arbeide for å sikre vidare utvikling og gode tenester til innbyggarane våre. 

 Les meir på Finn

 

Klikk her for å sjå ledige stillingar

Intern søkjar

Du er intern søkjar dersom du kan logge deg på Vaksdal kommune sine datasystem, og skal då ikkje registrere deg på nytt. Du finn ledige stillingar på same plass som når du hentar lønsslippen din på web, Visma Enterprise Vaksdal.

Klikk her om du skal logge deg på Visma Enterprise Web utanfor kommunen sitt nettverk. Logg deg på (øverst til høgre) med brukernamn og passord.

Informasjon om søkjeprosessen

Dersom du har søkt jobb hos oss tidlegare, logg på med brukarnamn og passord.

Første gong du registrerer deg på systemet må du leggje inn ein fullverdig CV. Den vil danne grunnlag for vurdering og tilsetjing. Det er ikkje tilstrekkeleg å vise til tidlegare søknader eller vedlagt CV. Neste gong du søkjer treng du berre legge inn evt endringar i CVen. Du må ha e-postkonto for å søkje. Det er CV på søknadstidspunkt som gjeld for søknaden. Dersom du har behov for å endre CV etter søknad er sendt, må du ta kontakt med oss.

OBS Vi rår deg til å skrive sjølve søknaden i  tekstbehandlar og lime den inn under punkt 4 «søknadsbrev» . Dette fordi du har avgrensa tid (ca 30 min) før du automatisk blir logga ut og risikerer å miste det du har skrive. Du vil  ikkje kunne sjå teksten etter at søknaden er sendt.

Opplysningar om søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar har oppmoda om at søknaden ikkje skal bli offentleg, jfr Offentlighetsloven § 25.

Treng du hjelp, kan du vende deg til

Innbyggjarservice telefon 56 59 44 00, eller

personalavdelinga telefon 56 59 44 03/33

Rettleiing for registrering av CV

Sjå rettleiaren for registrering av CV (pdf). 

 


Sist oppdatert: 23.11.2018
Publisert: 02.07.2018