Søkje med hjelp

Søkje med hjelp frå fagfolk

Før du byggjer, river eller endrar noko på eigedomen din, sjekk om:

  1. du må søkje
  2. du kan søkje sjølv
  3. du må ha hjelp av fagfolk

Lurar du på kva som gjeld for deg? Trykk her for å gå til lista vår med aktuelle byggjetiltak.

Dersom du må søkje med hjelp frå fagfolk blir rollene i byggesaka di slik:

  • Du blir tiltakshavar, og er anten eigar eller har fullmakt frå eigar til å søkje om å byggje.
  • Fagfolk blir ansvarleg søkjar og må fylle ut og sende inn søknaden for deg. Trykk her for å lese meir om ansvarsrett.

Du må sjølv engasjere og inngå avtalar med fagpersonane og føretaka som skal ha ei rolle i saka di. 

Som regel må du søkje med hjelp frå fagfolk når du skal byggje eigen bustad eller fritidsbustad.

Søkje med hjelp frå kommunen

Tilbodet er for deg som enno ikkje har sendt inn ein søknad. Vi fyller ikkje ut søknaden for deg, men kan svare på spørsmål slik at du kjem i mål.

Har du spørsmål, ta kontakt:

Vi svarar på alle e-postar innan 10 dagar.


Sist oppdatert: 31.05.2023
Publisert: 04.09.2018