Eldstad eller skorstein

Du treng ikkje søkje dersom du skal:

  • installere, endre, rive eller reparere ein eldstad innanfor ein og samme brukseining eller branncelle
  • rive og byggje opp att delen av skorsteinen som er over tak

Det er ingen formelle krav til den som skal setje opp ein eldstad. Vi anbefaler likevel at du bruker kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet.

Sjølv om du ikkje må søkje, må du melde ifrå til kommunen om det du har gjort.

Slik sender du melding til kommunen:

Du må både fylle ut melding til brannsjef med informasjon om bustaden din og den som monterer omnen for deg.

Trykk her for å opne skjema.

Du kan og sende skjema pr post til:

Vaksdal kommune, Konsul Jebsensgate 16

5722 Dalekvam

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom:

  • du skal byggje, rive, endre eller rehabilitere skorstein
  • dette vil seie at rehabilitering, til dømes nytt røyr eller bruk av glidestøp i eksisterande pipeløp, er søknadspliktig

Trykk her for å lese meir om å søkje med hjelp frå fagfolk.

Slik søkjer du
  1. Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
  2. Fagfolka som søker for deg må bruke blankett 5174.
  3. Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under.
  4. Skjemaet sender du på e-post til post@vaksdal.kommune.no eller med posten til Vaksdal kommune, Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam.

Søknaden må innehalde:

  • erklæring om ansvarsrett for fagfolk, både ansvarleg søkjar, prosjekterande og utførande
  • monteringsrettleiing eller brannteknisk godkjenning av løysinga du skal nytte
  • opplysningar om tal røykløp
  • opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet – trykk her for å lese meir om nabovarsling
  • situasjonsplan, takplan eller planteikning som viser kor i bygget skorsteinen er, og der det eventuelt er fleire skorsteinar i bygningen
  • fasadeteikningar av bygningen, takplan og snitt der det skal førast opp ny skorstein
Kva kostar det?

Trykk her for å sjå oversikt over prisar.

Kva seier lova?
Treng du rettleiing i byggjesaksspørsmål?


Send ein e-post med spørsmålet ditt til

Vi svarar på e-posten din innan 10 dagar.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak. 


Sist oppdatert: 22.02.2023
Publisert: 28.08.2018