Hentekalender

Bosspannet må stå framme innan kl 06.00 om morgonen. 

OBS! Vær merksam på at bosspannet ditt kan bli tømt seinare enn vanleg. La spannet stå framme til det er tømt. Bossbilen kjem mellom kl. 06.00 og 22.00.  Set gjerne derfor ut spann kvelden før. 

Veit du ikkje kva dag bosset blir henta? Prøv Bir sitt adressesøk. 

Restavfall

Alle husholdningane kan, om dei vil, tømme bosset kvar veke. Renovasjonsgebyret vert rekna ut frå antall tømmingar. Det lønner seg å kjeldesortere godt, sånn at du ikkje har behov for å setje ut restavfallet ofte. 

Papir- og plasthenting

Har du eige papirspann kan du kaste alt av papir, papp og drikkekartong laust i spannet. Papirspannet har blått lokk (enkelte har brunt) og vert tømt av BIR kvar 4. veke.

Ved sida av papirspannet kan du setje fram BIR-sekkar for plastemballasje. Desse sekkane får du gratis på alle BIR sine gjenvinningsstasjonar og i dei aller fleste daglegvarebutikkar. Ein rull inneheld 13 sekker, og er nok til ca. eitt års forbruk.

Om nærbutikken ikkje fører sekkane, spør dei om dei kan ta inn sekkane via hovudlageret sitt.

For dei med fellesløysingar
Har du fellesløysing som fleire nyttar, ta kontakt med kundesenteret for henvendingar om henting i burettslaget/sameige. Bur du i et burettslag eller sameige som manglar papir- og plasthenting, ta kontakt med styret for å be om dette. Du kan og bruke adressesøket for å finne ulike leveringsstader nær deg.


Sist oppdatert: 15.02.2024
Publisert: 02.07.2018