Byggjegrense frå offentleg veg

Når du byggjer, skal minsteavstanden til midten av ein kommunal veg vere minst 15 meter. Minsteavstanden til midten av ein riksveg og fylkesveg skal vere 50 meter.

Denne artikkelen handlar om den kommunale byggjegrensa som i hovudsak gjeld bygg, men også hekkar, buskar, gjerde og anna som hindrar sikt.

Trykk her for meir informasjon om byggjegrense til offentleg veg hos Statens vegvesen.

Kva kan du søkje om?

I kommunen behandlar vi søknadar om:

  • dispensasjon byggjegrensa på 15 meter
  • dispensasjon frå byggjegrenser fastsett i kommuneplanen sin arealdel eller i reguleringsplan (kun mindre vesentlige endringar)
  • løyve til graving gjennom kommunal veg eller langs vegen
  • løyve til å strekkje ledning over eller langs veg

Vi kan gi pålegg om å fjerne vegetasjon på privat eiendom langs kommunal veg.

Kven skal behandle søknaden din?

Ynskjer du å byggje noko innanfor 15-metersgrensa, må du søkje om dispensasjon frå byggjegrense mot veg.

Kva du søkjer om, avgjer kva avdeling i kommunen du skal rette søknaden din til:

  • i område utan reguleringsplan blir søknad behandla av vegavdelinga
  • i regulerte område blir søknaden behandla av byggjesaksavdelinga
  • ønskjer du å plassere noko nærare enn fire meter frå det offentlege leidningsnettet, må du søkje vass- og avløpsavdelinga i kommunen om dispensasjon frå kravet til avstand

Når du fyller ut søknadsskjema må du krysse av for om du skal byggje i eit regulert eller uregulert område. Fører søknaden din til etablering, endring eller utvida bruk av eksisterande avkøyring, må du i tillegg søkje om løyve til dette.

Slik søkjer du

  1. Trykk her for informasjon og søknadsskjema om dispensasjon frå byggjegrense hos Statens vegvesen. 
  2. Legg ved eit brev der du skildrar tiltaket, altså det du skal byggje eller endre
  3. Legg ved eit situasjonskart i målestokk 1:500, der du teiknar inn og visar avstanden mellom vegen og det du skal byggje eller endre. Dersom tiltaket kjem i konflikt med kravet til avstand frå offentleg leidningsnett, må du bruke eit kart som visar vass- og avløpsnettet til Vaksdal kommune.

Søknaden sender du på e-post til post@vaksdal.kommune.no

Du kan også sende søknaden med posten til: 

Vaksdal kommune, 
Konsul Jebsensgate 16, 
5722 Dalekvam

Treng du rettleiing i byggjesaksspørsmål?

Send ein e-post med spørsmålet ditt til post@vaksdal.kommune.no

Vi svarar på e-posten din innan 10 dagar.

Treng du hjelp til å finne dei rette karta, ta kontakt med Tone Dale.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak.


Sist oppdatert: 22.02.2023
Publisert: 04.09.2018