Nasjonale reglar og anbefalingar frå 20. januar
Vaksdal kommune følgjer dei nasjonale reglane og anbefalingane.
Kva betyr dette?
Barn og unge
- Ungdomsskular og vidaregåande skular går tilbake til gult nivå.
Det vil seie at Dale og Eksingedalen skule, ungdomstrinnet, er tilbake til gult nivå frå onsdag 20.1. - Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar, både ute og inne.
Vaksdal kommune skal setje opp treningsplanar i lag med idrettslaga. - Kampar, cupar og stemne må framleis utsetjast.
Besøk og private samlingar
- Vi kan igjen kan ha inntil 5 gjester i tillegg til dei som allereie bur saman, men alle bør framleis avgrense sosial kontakt.
- Dei fleste private samlingar og ulike arrangement bør framleis bli utsette eller avlyste. Om ein skal gjennomføre gjeld følgjande:
For private samlingar utanfor eigen heim, som for eksempel ein bursdag i leigd lokale, er grensa inntil 10 personar. Dersom den private samlinga er utandørs, er grensa no 20 personar. For arrangement er det ingen endringar i reglane for tal på personar. I gravferder kan ein vere 50 personar.
Besøk på institusjonane i Vaksdal kommune
- Frå onsdag 20. januar kan bebuarar på institusjonane våre ha to besøk i veka . Dette avtalast som før med avdelinga.
Skjenking
- Forbod mot skjenking av alkohol på serveringsstader blir vidareført inntil vidare. Det blir gjort ei ny vurdering av dette i veke 4.
Heimekontor
- Heimekontor er fortsatt tilrådd for dei som har høve til det.
Trykk her for å få oversikt over dei nasjonale reglane og anbefalingane.
Sist oppdatert:
19.01.2021
Publisert:
19.01.2021