Meir besøk på institusjonane våre frå torsdag 18. februar kl 15.00
Me vil ha ulike ordningar for pasientar på langtidsplass og korttidsplass grunna smittevern og vaksinering.
Dersom du bur i ein kommune eller eit område med mykje smittetrykk, ber me deg om å ikkje komme på besøk inntil vidare. Unnatak er om du kan vise til negativ test på Covid-19, der svaret ikkje er eldre enn 2 døger.
Besøk må, som før, avtalast med institusjon i forkant, og det er framleis viktig å overhalde smittevernreglane.
Bebuarar med langtidsplass kan no ta imot:
- Daglege besøk av to personar samstundes, inntil fire ulike personar i løpet av ei veke.
Bebuarar med korttidplass kan ta imot:
- Inntil to besøk pr veke, av to personar samstundes, inntil fire ulike personar pr veke.
Me har framleis eigne tilrettelagte besøksrutinar til alvorleg sjuke og døyande.
Sist oppdatert:
17.02.2021
Publisert:
17.02.2021