Omsorg pluss

Kva er Omsorg pluss?

Her disponerer du eiga leilegheit med stove, soverom, kjøkken og bad. I tillegg kan du nytte deg av fellesareal, måltid og aktivitetar saman med dei andre bebuarane.

I forkant av at du har fått tildelt leiligheit i Omsorg pluss, er det gjort ei grundig kartlegging av hjelpebehovet ditt. Du har gjerne hatt heimesjukepleie over lang tid i eigen heim. 

Betaling

Du får alle utgiftene knytt til Omsorg pluss på ei rekning frå kommunen.

Her finn du prisane på omsorg pluss.

Dette inngår i prisen:

• Husleige og fellesareal
• Kommunale avgifter
• Sentralvarme
• Medisinar og medisinsk utstyr
• Mat og drikke
• Vaskeritenester
• Legetenester
• Transport som inngår i frikortandelen

Dette må du betale utanom:

• Mobiltelefon/fasttelefon
• Fjernsyn og fjernsynsabonnement i leilegheita
• Frisørtimar og lignande
• Toalettsaker som tannkost, tannkrem, sjampo og anna
• Møblar og private klede


Sist oppdatert: 13.02.2024
Publisert: 08.06.2023