Førebyggande heimebesøk

Kvifor førebyggande heimebesøk?

Vi ønskjer å bidra til å styrke dine moglegheiter til å bu trygt heime lengst mogleg, og ha ein aktiv og meiningsfull kvardag. Det å få helseførebyggjande informasjon tidleg, kan vere til god hjelp for deg. 

Kva skjer i heimebesøket? 

Tema i samtalen er tilpassa deg og dine behov, og kan for eksempel vere: 

  • Tilbod og aktivitetar i kommunen  
  • Kvardagsliv og sosialt nettverk 
  • Fysisk aktivitet, eigne ressursar og meistring 
  • Kosthald 
  • Buforhold og tryggleik i heimen 
  • Hjelpemiddel 
  • Medisinhandtering 
Pris
  • Tilbodet er gratis.  
Ønskjer du heimebesøk eller meir informasjon, ta kontakt med forvaltningskontoret

Sist oppdatert: 05.06.2023
Publisert: 26.05.2023