HeimBarnehagePrisar og betaling

Prisar og betaling

Makspris for opphald i kommunale og private barnehagar er 2910 kroner i månaden. Har du fleire born i barnehagen eller låg inntekt kan du få ein lågare pris.

I tillegg til opphaldspengar kjem matpengar. Prisen er 280 kroner i månaden for full plass.

Syskenmoderasjon

Har du fleire enn eit barn i barnehage i same kommune, har du rett på ein reduksjon i foreldrebetalinga. 

  • For fyrste barn betalar du vanleg pris
  • For barn nummer to får du 30 % syskenmoderasjon
  • For barn nummer tre og fleire får du 60 % syskenmoderasjon

Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Ordninga er for foreldre og føresette med barn i kommunale og private barnehagar.

Har du rett på redusert foreldrebetaling?

Du har rett på redusert pris om:

  • maksprisen for ein barnehageplass er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til hushaldninga
  • den samla inntekta til hushaldninga er lågare enn 533.500 kroner

Har du rett på gratis kjernetid?

Gratis kjernetid betyr 20 timar gratis opphald kvar veke i barnehagen. Har barnet ditt heildagsplass må du sjølv betale for opphald utover dei 20 timane.

Hushald med inntekt lågare enn kr 533.500 per år som har 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, kan søkje om gratis kjernetid.

Slik søkjer du

Søknadsfrist for redusert pris er 1. mai. Du må søkje for kvart år.

Søknadsskjema for redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid finn du her

 

Vedlegg som må sendast med søknaden:

Det er viktig at dokumentasjon blir sendt saman med søknadsskjemaet ditt. Søknader utan tilstrekkeleg dokumentasjon vil ikkje bli behandla.
Dokumentasjonskrav er siste års sjølvmelding. Inntekstgrunnlaget skal spegle dei faktiske skattepliktige inntektene. Dersom søkjar har skattepliktig person - og kapitalinntekt som ikkje står på sjølvmeldinga, er du pliktig til å opplyse om dette.

Dersom søkjar ikkje kan leggje fram sjølvmelding må annan dokumentasjon leverast. Dette kan for eksempel vere lønnsslipp frå arbeidsgjevar, eller inntekt frå NAV.

Les meir

Trykk her for å lese meir om ordninga på Utdanningsdirektoratet sine sider.


Sist oppdatert: 12.10.2018
Publisert: 23.05.2018