HeimNyheiterVegstenging i samband med ny vassleidning i Flordalen frå onsdag 14.08

Vegstenging i samband med ny vassleidning i Flordalen frå onsdag 14.08

Som vi har informert om tidigare startar arbeidet onsdag 14.august, og vil vare i 4 veker. Dette er nødvendig arbeid for å leggje ny vassleidning. 
Det er ikkje mogeleg for bilar å passere mellom kl. 08.00 og 15.00. 
Det er heller ikkje mogeleg å passere for fotgjengarar når anleggsmaskinene held på. Det er veldig smalt og vanskeleg å passere. De må difor ta kontakt med maskinføraren om de skal forbi. 
Det er tilrettelagt for at vegen kan opnast for utrykkingskøyretøy på kort varsel.
Alle som har bustad som er direkte rørt av dette er varsla pr brev.
Vi er lei for ulempene dette dette medførar.
Dersom du treng meir informasjon, ta kontakt med Torstein Mehus på mobil: 488 80 387.


Sist oppdatert: 12.08.2019
Publisert: 12.08.2019