Registrere positiv hurtigtest
Registrer positiv hurtigtest
Dersom hurtigtesten din er positiv er det viktig at vi får beskjed.
Trykk her å registrere positiv hurtigtest.
Isoler deg
Har du testa positivt på korona skal du vere i isolasjon i fire døgn.
Tida vert rekna frå tidspunktet då symptoma starta. Om du ikkje har symptom skal du vere i isolasjon i fire døgn frå testdato.
Smitta personar som har symptom må i tillegg ha vore feberfri i minst 24 timar utan bruk av febernedsetjande preparat.
Du skal ikkje teste deg igjen for å avslutte isolasjon.
Trykk her for å lese på helsenorge kva regler som no gjeld.
Varsle nærkontaktane dine
- Du må varsle dei du har vore i kontakt med 48 timar før du fekk symptom
- Du må varsle arbeidsplass, skule og barnehage
Bestill PCR-test om du ikkje har tre vaksinedosar
Om du tester positivt med hurtigtest, må du bestille PCR-test. (Dette gjeld ikkje om du har tatt tre vaksinedosar eller har fått to vaksinedosar og hatt covid-19 i løpet av dei siste tre månadane).
Du bestiller PCR-test hos koronateamet på telefon 453 77 777