Ekstrautbetaling til bustøttemottakarar

I tillegg får bustøttemottakarar ein ekstrautbetaling per månad. Tiltaka gjeld utbetalingar i januar, februar og mars.

Grensa for månadleg inntekt er auka, formuestillegg er fjerna, og alle med bustøtteutbetalingar får ei ekstrautbetaling til høge straumutgifter på kr 1.500,- pluss kr 150,- for kvar ekstra person i husstanden.

Søknadsfristen for å få utbetaling i februar er 31. januar. Du som allereie mottek bustøtte, eller som søkte innan 31. desember, treng ikkje å søke på nytt.

Søknadsfristen for utbetaling i mars er 25. februar.

Trykk her for å sjå Husbanken sine sider for meir informasjon og link til elektronisk søknadsskjema.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 17.01.2022