HjemKampanjerVil du bli støttekontakt?

Vil du bli støttekontakt?

Meiningsfullt oppdrag gir meiningsfull fritid. Å vere støttekontakt kan vere både meiningsfullt og gjevande. Du kan hjelpe personar med ulike utfordringa rmed å skape ein betre kvardag.

For å vere støttekontakt må du vere over 18 år, men her er det ingen øvre grense. Du får ein oppdragsavtale, der ein blir einige om kor mange timar i månaden du er støttekontakt, og du får ei godtgjersle for oppdraget pr. time.


Kvar støttekontakt får ein kontaktperson i kommunen, som kan gje råd og rettleiing. Oppdraget er fleksibelt, så dersom ein i periode av året ikkje har mogelegheit til å bidra like mykje, avtalar ein det med kontaktpersonen.

Kan dette vere noko for deg,  ta kontakt med:
Anne Hedvig Faugstad, mobil 488 80 310
Ann Marit Mehus Lie, mobil 488 80 319


Sist oppdatert: 17.09.2019
Publisert: 28.09.2018