Kunngjering av oppstart - Planstrategi 2024 - 2027

Kommunal planstrategi er ein strategisk veging av kva planar og utgreiingar kommunestyret vil ha for å møte kommunen sine utfordringar.

Planstrategien er ikkje ein plan, men eit verktøy for politisk prioritering av planoppgåver. Det er viktig at planstrategien er behovsstyrt og ikkje vert gjort meir omfattande enn naudsynt. Planstrategien er ikkje formelt bindande.

Formannskap- plan og økonomiutvalet vedtok i møte den 23. januar 2024, sak 9/24 oppstart av arbeidet med Vaksdal kommune sin planstrategi.
Sakspapir med framlegg til oppstart, organisering og framdrift, og vedtak kan bli lest her. 

Ei sentral oppgåve i vurderinga av planbehovet å drøfta utviklingstrekk i kommunen som samfunn og organisasjon. Det er difor viktig med eit godt kunnskapsgrunnlag over stoda i kommunen.

  • Folkehelseoversyn for 2024 er ein del av kunnskapsgrunnlaget til arbeidet med planstrategien. Versjonen som vert lagt fram for politisk orientering kan bli lest her.
  • Det vert arbeida med eit eige kunnskapsgrunnlag for Vaksdal kommune sin planstrategi.
  • Statistikk og framskrivingar, gjennomførte medverknadsprosessar, økonomiplan og andre planar som er utarbeidd dei siste åra vil og bli nytta som kunnskapsgrunnlag.

Alle har moglegheit til å komme med innspel til planstrategien. Har du innspel kan du sende desse til  post@vaksdal.kommune.no merka «Planstrategi 2024-2027 for Vaksdal kommune», innan 07. april 2024.


Sist oppdatert: 23.02.2024
Publisert: 22.02.2024