HjemNyheiterVegstenging på Brualeitet på Vaksdal frå 12. til 23. februar 2024

Vegstenging på Brualeitet på Vaksdal frå 12. til 23. februar 2024

BKK melder om vegstenging i samband med anleggsarbeid frå vegkryss E16 til området Brualeitet 28 (Sæterdal Elektro).
Publisert: 08.02.2024
Sist endra: 08.02.2024

Arbeidet er ein del av grunnarbeida for å gi byggestraum til K5-prosjektet - ny veg og bane frå Arna til Stanghelle.

I denne perioden vil det vegen vere stengt for all trafikk kveld og natt, også gåande, i vekedagane. Stengetid er kl. 20.00 til kl. 06.00.  Vegen er open for alminneleg ferdsel om dagen.

Køyring til Tveitane og Sædalen er mogleg via midlertidig omkøyring frå E16/Krekane ved Jamnetunnelen. Vi  oppmodar om avgrensa køyring i tidsrommet 20.00 til 06.00.

BKK ber om forståing for dei ulemper dette medfører. Dei vil leggje til rette så godt som mogleg for lokalbefolkninga.