HjemNyheiterVegstenging på Brualeitet på Vaksdal frå 12. februar til 6. mars 2024

Vegstenging på Brualeitet på Vaksdal frå 12. februar til 6. mars 2024

BKK melder om vegstenging i samband med anleggsarbeid frå vegkryss E16 til området Brualeitet 28 (Sæterdal Elektro). Oppdatert 23.2.24.
Publisert: 22.02.2024
Sist endra: 23.02.2024

Arbeidet er ein del av grunnarbeida for å gi byggestraum til K5-prosjektet - ny veg og bane frå Arna til Stanghelle.

I denne perioden vil det vegen vere stengt for all trafikk kveld og natt, også gåande, i vekedagane. Stengetid er kl. 20.00 til kl. 06.00.  Vegen er open for alminneleg ferdsel om dagen.

Oppdatering 23.2.24

På grunn av tilbakemeldingar forandrar BKK tidene. Det blir no oppstart om kveldane frå kl.17:00 og slutt tid kl. 24:00. Dette gjeld frå måndag 26/2.

Køyring til Tveitane og Sædalen er mogleg via midlertidig omkøyring frå E16/Krekane ved Jamnetunnelen.

BKK ber om forståing for dei ulemper dette medfører. Dei vil leggje til rette så godt som mogleg for lokalbefolkninga.