HjemNyheiterVegproblem i samband med store nedbørsmengder og smeltevatn

Vegproblem i samband med store nedbørsmengder og smeltevatn

Som følgje av mykje nedbør og smeltevatn er fleire vegar stengt eller har utfordringar. Dette gjer framkomst vanskeleg.
Publisert: 22.01.2024
Sist endra: 22.01.2024

Kommunen har sett i gang kriseleiing. Nokon tilsette har utfordringar med å kome seg til jobb på grunn av vegsperringar. Førebels er situasjonen ikkje kritisk og tenestene går tilnærma normalt.

Teknisk drift arbeider intensivt for å forhindra skadar på bygg og infrastruktur. Spesielt jobbar dei ved Daletunet for å handtera store vassmengder som samlar seg opp.

I tilfelle av akutte situasjonar vil helikopter bli brukte for å nå fram til område der vegane er stengde.

Me oppmodar alle innbyggjarar til å vera merksame på vêrforholda, og vera førebudd på eventuelle endringar i situasjonen.

Oppdateringar

12.30: Modaltunnelen vil vere open i natt.

14.40: Skyssbåten M/S Ospenes er booka fram til tysdag morgon som beredskap. Kommunelegen har informert legevaktsentralen på Voss. Båten dekkjer akuttbehov på strekkja frå Eidsland til Vaksdal. Det er kai på Stamnes, Stanghelle og Vaksdal. Kai på Eidsland kan ikkje bli nytta på grunn av is i fjorden. Båten kan møta ambulanse frå Bergen på Trengereid. Kommunen har også informert AMK Bergen.

16.10: Telenor melder om at dei har registrert eit større utfall i Vaksdal og Modalen. Konsekvensen er at det er sterkt redusert til ingen dekning på mobilnettet. Områda rundt Eksingedalen vil oppleve sterkt redusert til ingen dekning.

18.13: Nasjonal kommunikasjonsmyndighet melder om utfall i Modalen og i delar av Vaksdal. Nødnett melder ikkje om utfall, men tap av redundans i området.

Det skal ha gått fleire skred som hindrar rettemannskap i å starte feilsøking. Entreprenør er i dialog vegvesenet og vil sende ut rettemannskap når det er forsvarleg. Førebels er vurderinga at det først kan skje i morgon tidleg. Rettetid er ukjent.

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet har desse råda til brukarar:

  • Så lenge det er dekning frå ein mobiloperatør i eit område, er det mogleg å ringe nødnummera via roaming hjå andre operatørar som har dekning.
  • Viss ein har trådlaust breiband, har dei fleste høve til å ringe med WIFI tale
  • Flytte seg til eit område som har mobildekning