HjemNyheiterVasslekkasjar som berører Kaivegen, Flordalen og Øvre Flordalen

Vasslekkasjar som berører Kaivegen, Flordalen og Øvre Flordalen

Fleire vasslekkasjar på Vaksdal. Sist oppdatert 2.februar kl 16.15
Publisert: 31.01.2024
Sist endra: 02.02.2024

Oppdatering, vasslekkasjar i Øvre Flordalen:

2.2.24

Vassnivå i høgdebasseng er no gått opp slik at vi kan levere vatn til alle i Flordalen. Vi oppmodar til å avgrense bruken då vi ikkje har fått lokalisert lekkasjen nøyaktig og denne ikkje er reparert.

Vi har lokalisert lekkasje på ei sone i Flordalen og driv no med lytting og stenging lokalt til nokre husstandar for å finne eksakt der det er brot på leidning

1.2.24
Mannskapet vårt jobba med søk utover natta, men har ikkje funne lekkasjen.

Dei held fram arbeidet utover dagen.

Samfunnssalen på Vaksdal er framleis open for å hente vatn og bruke garderobane.

Dei ramma er varsla.

------------------------------------------------------

I samband med lekkasjesøk på leidningsnettet kan  bebuarar i Kaivegen og Flordalen bli utan vasstilførsel i ein periode. Det kan vere lurt å tappa opp vatn til forbruk. I etterkant tilrår me å tappa ut på lågaste punkt for å unngå luft i vassrøyra.

I Øvre Flordalen er bebuarane utan vatn. Vi jobbar på for å lokalisera lekkasjen.

Samfunnssalen på Vaksdal er open til i morgon, og dei som er ramma kan henta vatn der. Garderobane er òg tilgjengelege for dusjing.

Vi beklagar dette. 

Dei ramma husstandane er varsla.