HjemNyheiterTest av nødvarsel

Test av nødvarsel

Klokka 12 onsdag 10. januar 2024 blir det test av Nødvarsel på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg over heile Noreg i ei felles nasjonal varslingsprøve.
Publisert: 08.01.2024
Sist endra: 08.01.2024

Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samtidig tyfonane med signalet "Viktig melding – søk informasjon".

Varslingsprøva den 10. januar blir gjord over heile landet, rundt kl. 12. Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrera og spela av eit høgt lydsignal, samtidig som tyfonane uler.

Ei så omfattande varslingsprøve vil høyrast godt, spesielt der mange menneske er samla og mange einingar vil spela av lyd samtidig. Del derfor gjerne informasjon om varslingsprøva med dine næraste, slik at flest mogleg er førebudd og veit at dette berre er ein test.

Les meir om test av nødvarsel på nodvarsel.no