HjemNyheiterTakk til kommunestyre 2019-2023

Takk til kommunestyre 2019-2023

Ordførar Hege Eide Vik takka kommunestyret for arbeidet.  

Fire år går fort forbi, og kommunestyreperioden 2019-2023 har kome til ende. I denne perioden har verda endra seg drastisk, og Vaksdal kommune har ikkje vore noko unntak. Vi har navigert oss gjennom ei pandemi, teke imot flyktningar på ny, gjenopna skular, overlate kommunale bygg, og stått samla i kampen for K5 og mot Statnett.  

Gjennom straumpriskrisa har vi møtt utfordringar, men også opplevd nye moglegheiter via konsesjonskraftinntektene. Vaksdal næringsselskap har blitt vidareutvikla, og som ein heilskap har organisasjonen vår vokse seg sterkare.  
 
Denne perioden presenterte oss for utfordringar vi ikkje kunne ha forutsett, men vi har lært og vokst saman. Eg vil uttrykkje min takk til kvar einaste representant for samarbeid, innsats, og saklege diskusjonar. Det har vore ei glede å arbeide tett saman, uavhengig av partitilhørighet. Åtte av våre kommunestyremedlemmer avsluttar no sitt verv, medan tretten går inn i ein ny periode. Takk for samarbeidet! 

Desse åtte vart takka for jobben i kommunestyret
Vaksdal kommunestyre periode 2019-2023Frå Venstre Line Eide Vik (Sp), Renathe Vik (Sp), Heidi Rongved (Ap), Arne Normann (KrF), Mona Grenasberg (SV), Anne Christin Eide (Ap), Ståle Hesjedal (Ap) og Edvin Hesjedal (H). 

Eirik Haga og Arne Normann fekk KS si utmerking for 24 år som folkevalde. 

Bilete av Arne Normann, Eirik Haga og Hege Eide Vik


Sist oppdatert: 13.10.2023
Publisert: 13.10.2023