HjemNyheiterStengt veg Skreien-Bryllaupshaugen frå 20. november 2023

Stengt veg Skreien-Bryllaupshaugen frå 20. november 2023

BKK skal utføre anleggsarbeid i Skreien frå 20. november 2023 til 31. mars 2024. Vegen blir stengt for all trafikk, også gåande, i vekedagane frå måndag kl. 06.00 til fredag kl. 17.00. Køyring til eigedomane er tillaten, men berre frå ei side av vegen om gongen.
Publisert: 15.11.2023
Sist endra: 15.11.2023

I perioden 20. november 2023 - 31. mars 2024 vil det vere anleggsarbeid frå Skreien og til området Bryllaupshaugen nr. 29. (Dette er fase 1 i anleggsarbeidet).

Arbeidet er ein del av grunnarbeida for forsterking av 22kV-nettet mellom Arna og Dale, og skal gi byggjestraum til K5-prosjektet - ny veg og bane frå Arna til Stanghelle.

Vegen blir stengd for all trafikk

I denne perioden bli vegen dessverre stengt for all trafikk i vekedagane måndag kl. 06.00 til fredag kl. 17.00.

I første fase skal det etablerast røyrtrasé frå innkøyring til Skreien og til området Bryllaupshaugen nr. 29.

Køyring til eigedomane er tillaten, men berre frå ei side av vegen om gongen. Det vil i første fase vere tilkomst frå Vaksdalsiden til bustader i Skreien. Seinare vil tilkomsten til bustader i Skreien bli frå avkøyringa frå E16 til gamlevegen på Skreien.

Bustader i Bryllaupshaugen bruker lokalveg frå Vaksdal.

Vegen kan nyttast i helga

Frå fredag kl. 17.00 til måndag kl.06.00 kan vegen nyttast.

Fase 2 startar opp våren 2024

I fase 2 skal det gravast gjennom Bryllaupshaugen i samarbeid med Vaksdal kommune. Oppstart på dette er planlagt våren 2024.

BKK ber om forståing for ulempene dette gir. Dei vil prøve å tilretteleggje så godt som mogeleg for lokalbefolkninga.