HjemNyheiterOppdatering frå kriseleiinga

Oppdatering frå kriseleiinga

22.1.24

21:40 Oppdatering frå kriseleiinga

Fortsatt er situasjonen slik at tenestene vil gå tilnærma normalt i morgon. 

Modalen og Eksingedalen Bilag tek sikte på å køyre skuleskyss og rutene som vist i rutetabellen i morgon i området Eidsland til Vaksdal. Føresette til elevar og barnehagebarn i Eksingedalen vil få informasjon i eigne kanalar.

Vi oppmodar alle innbyggjarar til å vere merksame på vêrforholda, og vere førebudd på eventuelle endringar i situasjonen.

23.1.24

09:30 Oppdatering om utfall av mobilnett i Eksingedalen

Telenor seier at entreprenør har gjort måling og prøver no å ta seg til staden der brotet er. Det er en stort sannsyn for at det er innanfor eit skredområde, og at det difor kan ta tid å få det retta. Omfanget av utfallet er det same som det vart meldt i går. 

09:50 Kontramelding om utfall av mobilnett

Entreprenøren har funne staden der brotet er, og det er ikkje innanfor skredområde. Skøyting vert difor starta.

14:30 Oppdatering om utfall mobilnett

Telenor seier no at arbeidet med rettinga er vanskelegare enn først forventa. Det gjer at det må veljast ei meir tidkrevjande løysing. 

23:45 Oppdatering mobilnett

Feilen er meldt retta.


Sist oppdatert: 24.01.2024
Publisert: 22.01.2024