HjemNyheiterStatus for det nye idrettsanlegget på Vaksdal

Status for det nye idrettsanlegget på Vaksdal

Det nye idrettsanlegget på Vaksdal nærmar seg ferdig. I desse dagar vert det montert gjerde rundt bana.
Publisert: 25.09.2023
Sist endra: 25.09.2023

Deler av langsida i nordvest vert avstengt med gjerde på grunn av skredfare. Dette området ligg i aktsomheitssone for skred  etter NVE sine kartleggingar i 2018, og det påverkar alle nye tiltak. Geolog har vurdert at fysisk avstenging av arealet med gjerde og skilting er tilstrekkeleg. Gjerdet skal hindre opphald i rasfarleg område. Det vert laga ein opning for å hente ballar. Gjerdet kan fjernast seinare om nye skredvurderingar eller sikringstiltak friskmeldar området.

Vi planlegg framleis opning av anlegget i oktober.

Kommunestyret sitt vedtak:  Kommunestyret set som vilkår at del av løpebane som er i rassona ikkje kan takast i bruk før det er gjort ei grundig vurdering av rasfare og at ein har gjennomført eventuelle tiltak som ei slik vurdering føreslår.