HjemNyheiterSparing av vatn

Sparing av vatn

Vi må bruke mindre vatn i ein periode.
Publisert: 09.01.2024
Sist endra: 09.01.2024

Bruk vatn til normalt hushaldforbruk, men avgrens vassforbruket ditt så mykje du klarar.

Kvifor treng vi å spare på vatn no?

Vi får drikkevatnet vårt frå grunnvasskjelder på Dale, Vaksdal og Stamnes. Lang tørkeperiode i desember og januar, i tillegg til høgt vassforbruk, har medført at vasstanden i kjeldene er betydeleg redusert. Derfor ber vi deg om å spare på vatnet.

Dette gjeld innbyggarar på Dale, Stanghelle, Vaksdal og Stamnes som er tilkopla kommunal vassforsyning.