HjemNyheiterOrdførar Hege Eide Vik var med og feira 100-åringen Rigmor

Ordførar Hege Eide Vik var med og feira 100-åringen Rigmor

Ordførar Hege Eide Vik var med og feira 100-åringen Rigmor i går, 7. november, i lag med naboar og slektningar.
Publisert: 08.11.2023
Sist endra: 08.11.2023

Bilete av Rigmor Aronsen og ordførar Hege Eide Vik

- I den varme stova på Dale hadde Rigmor dekka eit koseleg kaffibord, og invitert nokre naboar og slektningar. Søstera som er 98,5 år var der óg.

Omgitt av nydelege blomar og mange helsingar var jubilanten i strålande humør, og viste fram ulike gåver ho hadde fått. Rigmor og søstera fortalde om ein kreativ familie som meistrar ulike kunstnarlege utrykk, og eg fekk sjå nokre fine skulpturar ho har laga.

Den koselege stova rommar mange minne frå eit langt liv.

Livet til Rigmor har vore innhaldsrikt, og ho var tidleg ute med å reise - gjerne åleine. Men livet har òg vore vanskeleg, og romma tap av nære familiemedlemmer.

Men den spreke 100-åringen har mykje humor og mange historier å fortelje. Ho framstår sterk, modig, klar og slagferdig.

Det var verkeleg ei glede å få overrekka blome og kake, og få kome på besøk på den store dagen.

Tusen takk Rigmor.

Helsing Hege Eide Vik
Ordførar