HjemNyheiterOmval i Moss

Omval i Moss

Du kan røyste i omvalet til fylkestinget i Østfold i Moss kommune i perioden 13.11.23 - 24.11.23.
Publisert: 09.11.2023
Sist endra: 15.11.2023

Skal du røysta i omvalet i Moss?

👉 Det skal avviklast omval i Moss kommune, i fylkestingsvalet til nye gamle Østfold fylkeskommune.  Det er mogleg å førehandsrøyste også i Vaksdal.

👉 Valdagen er måndag 27. november, men då er vallokala berre opne i Moss kommune. I førehandsrøysteperioden innanriks kan du derimot røysta i heile landet, frå og med måndag 13. november til og med fredag 24. november.

👉 Under førehandsrøysteperioden innanriks kan veljarane kontakte kva kommune dei vil for å avtala tidspunkt for å røyste. Ta helst kontakt med kommunen for å avtale tidspunkt, for å vere sikker på at det er valmedarbeidar tilstades som kan ta i mot røystesetelen. Hugs å ta med deg legitimasjon.

👉  Sannsynlegvis vil det gå bra å stikka innom innbyggarservice for å røyste, når som helst mellom klokka 09.00 og 15.00 frå og med måndag 13. november til og med fredag 24. november.

👉 Har du behov for å røyste heime kan du ta kontakt med kommunen for å avtale tidspunkt. Frist for å søke om dette er 22.november.

OBS! Du må stå i manntallet for Moss

👉 Men du må stå i manntalet for Moss for at røysta di skal telja, og vore folkeregistrert der i sommar då manntalet vart tatt ut.