HjemNyheiterMenn i Helse

Menn i Helse

Vaksdal kommune søkjer etter vaksne arbeidssøkjande menn som får ei unik moglegheit til å ta fagbrev som helsefagarbeidar gjennom Menn i helse.

Utdanninga er komprimert og tilrettelagd for arbeidssøkjande menn i alderen 25 – 55+. Deltakarane får tittelen helserekruttar og under utdanninga blir det veksla mellom å få yting frå NAV og lønn frå kommunen.  

Påmelding til Informasjonsmøte 

Bli med på eit uforpliktande informasjonsmøte der det blir gitt informasjon om utdanninga, økonomi og jobbmoglegheitene. Helserekruttar frå tidlegare år er også til stades og deler sine erfaringar og tilrådingar. 

  • Tid og stad: 30.01.24. kl. 12-14. Amalie Skram vidaregåande skule, Lungegårdskaien, Bergen, Noreg
  • Meld deg på her: NAV kursoversikt

På møtet vil det bli orientert om Menn i helse, utdanninga og jobbmoglegheitene. I etterkant av møtet vil det bli gjennomført intervju. Etter intervju vil eigna og motiverte kandidatar blir tilbodne ein 12 vekers rettleia praksisperiode som helserekrutt på sjukeheimar eller tilsvarande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Har du spørsmål om Menn i helse?  
Ta kontakt med fylkeskoordinator: Kjetil Kvidahl


Sist oppdatert: 16.01.2024
Publisert: 16.01.2024