Kommunale landbruks- og utmarksfond - frist 1.desember
Send søknad med prosjektskildring og budsjett/finansieringsplan til:
- post@vaksdal.kommune.no, eller
- Konsul Jebsens gate 16, 5722 DALEKVAM
OBS! Hugs å skrive kva fond de søkjer tilskot frå.
Har du spørsmål, ta kontakt med Tore Henrik Øye
E-post: tore.henrik.oye@vaksdal.kommune.no
Mobil: 911 27 337
Vaksdal landbruksfond
Føremålet er å fremje landbruket i kommunen. AIle næringsdrivande, lag og organisasjonar i landbruket kan få tilskot til:
- Nyinvestering i driftsbygingar
- Kjøp av mjølkekvotar, innkjøp av maskinar (kun fellestiltak)
- Tilleggnæringar om lokal foredling av varer med basis i landbruket.
Det må vere drift på gardsbruket, og ein omsetnad på minst kr 30 000,- i året.
Midlar til fordeling i 2019 er omlag kr 30 000,-.
Mysterfondet
Midlane i fondet kjem frå BKK si utbygging av Myster kraftverk, og skal nyttast til «opphjelp av vilt og fisk» i Vaksdal kommune. Alle kan søkje om midlar til tiltak innanfor fondsføremålet.
Vaksdal kommune sitt fond for vilt, fiske og friluftsliv
Fondsmidlane kjem hovudsakleg som tilskot frå BKK etter utbygginga av Eksingedalsvassdraget. Midlane skal vere til lokal bruk og nytte, med verdi for ålmenta.
Alle kan søkje om tilskot til tiltak innanfor fondsføremålet. Målet er at fondsbruken skal vise følgjande fordeling i løpet av ein 5-årsperiode:
- Fisk - 50%
- Vilt - 25%
- Friluftsliv - 25%