HjemNyheiterIngen uheldige hendingar ved teknisk svikt i kritiske system hos heimesjukepleia

Ingen uheldige hendingar ved teknisk svikt i kritiske system hos heimesjukepleia

To fiberbrot skapte utfordringar torsdag og fredag sist veke. Vaksdal kommune har ikkje hatt nokon uheldige hendingar eller avvik som følgje av nedetida på systemet.
Publisert: 14.11.2023
Sist endra: 14.11.2023

Solrun Hauglum, kommunalsjef helse og meistring 

Kommunale helsetenester bruker fleire IT-løysingar. Heimesjukepleia har ulike verktøy som støtter oppfølging av innbyggjarar. Det er og fleire personar som har velferdsteknologi, til dømes tryggleiksalarmar. 

 

Systema er kritiske og må fungere, og derfor er det bygd reserveløysingar om tekniske problem oppstår. I dette tilfellet gjekk reserveløysinga og ned torsdag og fredag på grunn av fiberbrotet hos Telenor.  

Maria Kolstad, avdelingsleiar heimetenestaBilde av Maria Kolstad, avdelingsleiar heimetenesta 

Vi har gode rutinar for brot på kritiske IT-system. Då vi i heimesjukepleia fekk melding om brot starta vi umiddelbart med å få oversikt over dei mest sårbare. Dette for å setje inn ekstra tiltak og tilsyn der det var behov. Vi satt inn ekstra bemanning fram til laurdag.  


Fleire blei informerte om feilen av heimesjukepleia når dei var på besøk eller over telefon. Når feilen var retta opp ga vi og beskjed til dei
berørte
 

 

Vi vil jobbe nøye med ei felles evaluering i vårt IKT- samarbeid, for å sikre at reserveløysinga slår inn når tekniske feil skjer.