HjemNyheiterFarevarsel Snø

Farevarsel Snø

Vi har alt tilgjengeleg personell ute for å brøyte. No kjem store nedbørsmengder på kort tid, vi ber om forståing for eventuelle forseinkingar dette kan medføre med omsyn til snørydding/strøing.
 
Vi ber også om at innbyggjarane måkar private vegar og avkøyrslar fri for snø. Parker så lite som mogleg langs veg slik at naudetatar og heimetenester kan kome fram.
 
Hjelp gjerne andre som ikkje klarer å måke sjølv.

Anbefalingar frå Meteorologisk institutt:

  • Vurder om reisa er nødvendig og køyr etter forholda.
  • Berekn ekstra tid til transport og køyring.
  • Sjekk vegmeldingar (175.no).

Sist oppdatert: 18.01.2024
Publisert: 18.01.2024