HjemNyheiterByt batteri på Røykvarslardagen

Byt batteri på Røykvarslardagen

Røykvarslarar reddar liv – så lenge dei verkar. Byt batteri i røykvarslaren din 1. desember, test den og minn dei du er glad i om å gjere det same.
Publisert: 28.11.2023
Sist endra: 29.11.2023

Røykvarslarbatteri bør bytast minst ein gong i året. Ved brann handlar det om minutt og sekund, og røykvarslaren reddar liv! Den varslar tidleg om at ein brann er under utvikling, slik at du kan kome deg ut i tide.

Alle bustadar skal ha minst éin godkjend røykvarslar eller brannalarmanlegg. Det skal vere minst ein røykvarslar i kvar etasje og den skal kunne høyrast på alle soverom og opphaldsrom, også når dørene er lukka.

Test røykvarslaren din
Test røykvarslaren ved å halde ”test-knappen” inne i nokre sekund. Røykvarslaren skal då gje frå seg eit pip. Om han ikkje gjer det, må du byte batteriet og gjenta testen, eventuelt kjøpe ein ny varslar. Røykvarslarar bør bytast innan 10 år. Om røykvarslaren gjev frå seg korte pip, betyr det at batteriet byrjar å verte dårleg. Då må du skifte det ut med ein gong.

Bruk gjerne Røykvarslardagen til å hjelpe nokon som ikkje greier å teste eller byte batteri sjølv. Ein ny røykvarslar kan også vere ei fin førjulsgåve.

På røykvarslerdagen.no finn du all informasjon du treng om røykvarslarar og generell branntryggleik.