Framdrift
Her finn du oversikt over framdrift og historikk for prosjektet.
2018
E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle - planprogram og silingsrapport er lagt ut til offentleg ettersyn
Statens vegvesen og BaneNor ber om innspel til arbeidet innan 6. juli 2018
Publisert 15. mai 2018
I Vaksdal kommune er forslag til planavgrensning, planprogram og silingsrapport lagt ut til offentleg ettersyn på bibliotekfilialen på Vaksdal og Coop butikken på Stanghelle.
I samband med start på planarbeidet inviterer Statens vegvesen og BaneNOR til informasjonsmøter på:
- Vaksdal senter, samfunnssal, 23. mai kl. 19.00
- Stanghelle skule, 24. mai kl. 19.00
Du kan lese meir om planprogrammet og heile prosjektet på vegvesen.no
Her finn du presentasjoner frå folkemøta i Arna, Vaksdal og Stanghelle.
Møte med Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Samferdselsdepartementet
Publisert 10. april 2018
Ordførar Eirik Haga og einingsleiar for Samfunnsutvikling Willy André Gjesdal var 9. april i møte med Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Samferdselsdepartementet om trasé for veg og bane gjennom Vaksdalsbygda.
Det kom fram at Statens vegvesen har snudd, og dei ber om at det vert utgreidd to alternativ for veg og bane gjennom Vaksdal. Dette er i tråd med ynskjer frå Vaksdal kommune. Kommunaldepartementet vil truleg godkjenne dette i løpet av kort tid slik at planprogrammet for reguleringsplan Arna-Stanghelle kan sendast på høyring.
Klikk her om du vil lese Vaksdal kommune sin presentasjon frå møtet . (PDF)
2017
"Silingsrapporten" er klar for E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle
Publisert 16. november 2017
Her er dei ulike løysingane for veg og bane mellom Arna og Stanghelle presentert.
Du kan lese meir om saka, og heile silingsrapporten hos Statens vegvesen.
Status K5 - presentasjon på kommunestyremøte måndag 16. oktober
Publisert 19.oktober 2017
Olav Lofthus frå Statens vegvesen og Egil Larsen frå BaneNor presenterte status for K5 - veg og bane Arna-Stanghelle på kommunestyremøtet måndag 16. oktober.
Områdeplanar for Vaksdal og Stanghelle - planarbeidet er i gang
Publisert 28.august 2017
Kommunen har inngått kontrakt med Rambøll Norge AS om arbeidet med omådereguleringsplanar for stasjonsbyane Vaksdal og Stanghelle. Første milepæl blir planprogram, og høyringsutkast for dette vil kome i etterkant av det statleg utarbeidde planprogrammet for bane/veg for strekningen Arna-Stanghelle.
Spørsmål kan rettast til kommuneplanleggar Gjertrud Karevoll, epost; gjertrud.karevoll@vaksdal.kommune.no
Massedeponi - frist for innspel var 28. februar 2017
Publisert 31. januar 2017
Kommunen ber om tilbakemelding på mogelege område for massedeponi i forbindelse med bygging av ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle.
Mogelege massedeponi i Vaksdal
Planarbeidet med ny E16 og jernbane er enno i ei forfase. Staten har bede kommunen lokalisere massedeponi med potensiale for større volum (over 100.000 m3) som grunnlag for vidare utgreiing. Så langt har kommunen lokalisert 16 mogelege områder. Som ei første «sondering» ynskjer kommunen tilbakemeldingar frå grunneigarar og andre interessentar, både for dei føreslåtte og eventuelle nye lokalitetar. Me gjer merksam på at dette ikkje er «godkjende» lokalitetar, og må i seinare fase handsamast etter plan- og bygningslova, jordlova og andre aktuelle lov- og regelverk. Vaksdal kommune er i gong med å engasjere rådgjevarar for å vurdere stabilitet / gjennomførbarhet av utfylling i sjø på Boge, Vaksdal og Stanghelle.
Her finn du oversikt over dei ulike alternativa.
Her kan du finne oversikten i Nordhordlandskart. (Når du opnar kartet, velg Temakart - K5)
Innspel sendast til: post@vaksdal.kommune.no og merkast "Massedeponi Vaksdal kommune". Frist for innspel er 28. februar 2017.
Kva er massedeponi?
I samanheng med utbygging av ny trasé for E16 og jernbane gjennom kommunen vil det verte stort overskot av stein frå tunnellar. Denne steinen er i utgangspunktet ein ressurs, som kan brukast til ulike føremål. Den kan for eksempel nyttast til landheving, nye areal og jordbruksland og den kan knusast til pukk og grus i ulike størrelsar. Det er desse steinmassane som skal plasserast i midlertidige eller permanente deponi. Kommunen ynskjer så langt som råd å bruke desse steinmassane og deponia til positiv samfunnsutvikling i kommunen.
Juridisk sett skal tunnelstein handterast etter Forurensingslova, og slik sett er den definert som avfall. Det betyr at det er eit regelverk, søknadsprosedyrar og løyve frå Fylkesmannen som er juridisk ramme for deponia.
Stads- og mogelegheitsstudier for Vaksdal og Stanghelle
Publisert 23. januar 2017
Den statlege silingsrapporten frå K5 Arna-Stanghelle er enno under arbeid, og er venta ferdig før sommaren 2017. Alternative traséar for jernbane gjennom kommunen inneber flytting av jernbanestasjonane på Vaksdal og Stanghelle. I Vaksdal er det ein plassering som utmerkar seg, og på Stanghelle er det fleire som vert utgreia. Som innspel til denne prosessen har Asplan Viak utarbeidd ein stadanalyse og moglegheitsstudie, etter oppdrag frå kommunen.
Analysane er spela inn i prosessen med silingsrapporten, og meininga er at denne kan gje gode innspel til vidare utvikling av stasjonsbyane. I tillegg til å peike på både positive og negative konsekvensar ved dei ulike alternativa, har også Asplan Viak forsøkt å sei noko om utfordringar og moglegheiter både på kort og lang sikt.
Gå til Stads- og mogelegheitsstudien for Vaksdal
Gå til Stads- og mogeleheitsstudien for Stanghelle
K5 Arna – Stanghelle
Publisert 2.januar 2017
Prosjektet E16 Vossebanen arbeidar for tida med å fastsetje dei aktuelle vegalternativa på strekninga Stanghelle-Arna. Utfordrande terreng med knappe og rasutsette dagsonar gjer at det er søkt om fråvik frå vegnormalane for fleire av vegalternativa som så langt er utvikla i prosjektet.
Du kan lese meir om prosjektet her.
2016
2015
Ny veg mellom Arna og Voss - K5-alternativet er valt!
Publisert 8.desember 2015
Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen presenterte avgjerda om "K5-alternativet" på en pressekonferanse i dag. Ein stor dag!
"K5-alternativet" vil gje ein reisetid mellom Bergen og Voss på 46 minuttar, mot dagens 72. Reisetida på tog blir 24 minuttar, mot dagens 63.