HeimProsjektLev Vel i Vaksdal

Lev Vel i Vaksdal

Organisering

 

Hovudmålsetning for prosjektet

  • Meistring og deltaking heile livet.
  • Mobilisera og engasjera samfunnet sine omsorgsressursar.
  • Framtidsretta og berekraftige tenester.
  • Systematisk og kontinuerleg utvikling og innovasjonsarbeid.

Prosjektet har to hovudsatsingsområde:

  1. Utvikling av eit ressurssenter for demens i Jamne-området ved Vaksdal sjukeheim med ulike buløysingar, tilrettelagt inne- og uteområde og base for kompetanse og helsetenester innan demensfeltet. Området skal tilretteleggjast slik at det fremjar deltaking og meistring for brukargruppa og slik at pårørande, frivillige og andre innbyggjarar kjenner seg velkomne og i stand til å bidra.
  2. Oppretting av Helsehus på Daletunet med fokus på førebygging, opptrening og rehabilitering. Helsehuset skal inneholda ein eigen brukarlab for teknologiske løysingar som er open for alle innbyggjarar.
    Her finn du styringsdokumentet (PDF)
Kontaktinformasjon

Prosjektleiar Solrun Hauglum

E-post: Solrun.Hauglum@vaksdal.kommune.no

Mobil: 488 80 358

Leiar av arbeidsgruppe ressurssenter demens på Vaksdal, Bjarte Aarland

E-post: Bjarte.Aarland@vaksdal.kommune.no

Mobil: 934 29 116

Leiar av Helsehuset på Dale, Sigrunn Stamnes Vik

E-post: Sigrunn.Stamnes.Vik@vaksdal.kommune.no

Mobil: 488 80 338

Prosjektkoordinator, Anita Lønnebakken Sævild

E-post: Anita.Sevild@vaksdal.kommune.no

Mobil: 959 87 640

Prosjektsekretær, Mona Mekki

E-post: mona.mekki@vaksdal.kommune.no

Mobil: 970 90 168

Historikk Lev Vel 

Lev vel i Vaksdal. Bygg for helse og omsorg. Haust 2018

Mogelegheitsstudie og val av alternativ for vidare utgreiing.

Norconsult er engasjert av Vaksdal kommune med oppdraget for prosjektering av bygg for helse og omsorg. Denne rapporten er eit innleiande studie for dette arbeidet og omhandlar vurdering av tenesteprofil i kommunen og moglegheitsstudie for utbyggingsalternativ av Vaksdal ressurssenter.

Her finn du mogelegheitsstudiet.

Brukarmedverknad demens "MedvirkDem" - vår 2018

Vaksdal kommune ønskjer kontakt med personar med demens og deira pårørande. Hensikta er å få kunnskap om kva som kan gjerast for at kvardagen skal bli lettare.

  • Kva tenkjer de er viktig for å meistre kvardagen?
  • Korleis kan vi saman tilretteleggje for å lukkast med dette?

Vi inviterer til samtalar i grupper på om lag seks personar. Det kan også verte aktuelt med individuelle samtalar. Samtalane vil vere i Vaksdal kommune.

Er du usikker på noko må du berre ta kontakt.

Ta kontakt med Solrun Hauglum om du ønskjer å delta, eller om du vil ha meir informasjon:
E-post: solrun.hauglum@vaksdal.kommune.no
Mobil: 488 80 358

Kva skal skje?
Vi vil fyrst møte deg i ein gruppesamtale med inntil seks personar. I neste omgang vil vi snakke med deg aleine. Du kan gjerne ha med deg ein person om du vil.
Vi vil også samle ei gruppe som er pårørande til ein heimebuande person med demens. I tillegg vil vi samle ei gruppe tidlegare pårørande.

Det er forskarar som skal gjennomføre sjølve undersøkinga. Vaksdal kommune skal bruke kunnskapen i utvikling av helse- og omsorgstenester for personar med demens.
Kunnskapen vi får skal også publiserast i vitskaplege tidsskrift. Vi vil synleggjere kva personar med demens og deira pårørande meiner er viktig for å leve eit aktivt og godt liv. Vi vil også formidle erfaringane deira med tenestetilbodet.

Forskar frå Senter for alders- og sjukeheimsmedisin
Oscar Tranvåg, forskar ved Senter for alders- og sjukeheimsmedisin, Universitetet i Bergen er ein av forskarane du kan møte i gruppesamtalen og seinare i ein personleg samtale.

Forskarar frå Senter for omsorgsforsking
Tone Elin Mekki, forskar ved Senter for omsorgsforsking, Høgskulen på Vestlandet er ein av forskarane du kan møte i gruppesamtalen og seinare i ein personleg samtale.
Frå Senter for omsorgsforskning vil også forskar Christine Øye vere med.

Magne Hestad, leiar for levekårsutvalet opna fyrste trinn av "brukarlaben" fredag 2. juni framfor eit 20-tal frammøtte.

Fyrste trinn av brukarlaben på Daletunet er opna - juni 2017


Ved å klippe ein nettverkskabel blei det også ei markering av ei trådlaus framtid. Han presiserte at vi alle har eit ønske om i lengst mogeleg grad å kunne klare oss sjølv, og at arbeidet i Lev Vel-prosjektet og utviklinga av brukarlaben er sentrale her.
Fyrste steg av brukarlaben er eit visingsrom for kvardagsteknologi, og viser eit sett med teknologiske hjelpemiddel som kommunen mottok etter eit forskingsprosjekt vi deltok i saman med Karde AS.
Brukarlaben skal halde ope eit par dagar i månaden frå hausten, og vil også ha ope ein dag til før sommaren.
Vil du vite meir, kan du kontakte Anita Lønnebakken Sævild
Epost: Anita.Sevild@vaksdal.kommune.no
Mobil: 959 87 640

Innbyggarundersøkinga i Vaksdal - våren 2017

Ei undersøking blant innbyggjarar mellom 67-75 år om forventingar til morgondagen sine helse- og omsorgstenester, bustad og teknologi.

Våren 2017 blei det gjennomførd ei innbyggjarundersøking i Vaksdal kommune. Undersøkinga blei send ut til 368 i alderen 67-75, og svarprosenten var 53%. Resultata viser at Vaksdal kommune har ei eldre befolkning med sterke sosiale band og god fysisk og mental helse.  Dei er tryggje på bruk av teknologi og svært positive til å ta i bruk teknologi i heimen som ein del av helse- og omsorgstenestene. På den andre sida, ser vi at viljen til å involvere seg i frivillig arbeid blir mindre dess mindre ein kjenner hjelpemottakaren og at mange forventar at det offentlege skal stille opp i ein stor grad for å tryggje alderdomen.

Om desse funna er unike for Vaksdal er for tidleg å seie, men dei gir kommunen viktig informasjon å ta med seg i utviklinga av tenester og tilbod.

Undersøkinga er gjort av Hilde Haaland Kramer,  Senter for omsorgsforskning/ Høgskulen på Vestlandet

Rapport frå forprosjektet - september 2016

September 2016

Behandla i kommunestyret 27. juni 2016 som ein del av rådmannens framlegg til økonomiplan 2017-2020.

Klikk her for å lese rapporten frå forprosjektet.

Meistring og deltaking - heile livet  - september 2015

September 2015

- Kva type teknologiske hjelpemiddel kan nyttast for at folk i Vaksdal kommune skal kunne bu heime lengst mogeleg og klara seg mest mogeleg sjølvstendig?
- Korleis kan moderne velferdsteknologi bidra til at personar med demens kan bu og ferdast trygt og delta aktivt i livet sitt?

Dette er nokre av dei spørsmåla me stiller oss i eit forprosjekt som me er i ferd med å starta opp i helse og omsorg med bagrunn i OU-prosjekta i 2013/2014.

Grunnen for satsinga er det framtidsbiletet me ofte vert minna på: stadig fleire eldre og potensielle brukarar av tenestene samstundes med at talet yrkesaktive går nedover. Det vert fleire som skal ha hjelp, men mindre ressursar og færre hjelparar. I dag er 4,2 % av folk i Noreg over 80 år, og i 2060 reknar SSB med at om lag ein av ti nordmenn er over 80. Sjølv om det er gledeleg at folk vert eldre, og sjølv om stadig fleire eldre er spreke og ressurssterke, forstår ein at dette vil skapa utfordringar for helse- og omsorgstenestene. WHO ser på den store auken i talet eldre som ei av dei største utfordringane i vårt århundre, så problemstillinga gjeld både nasjonalt og globalt.

Det vert også uttrykt at problemstillingane rundt eit auka tal eldre ikkje berre kjem av at det vert fleire brukarar, men av at helse- og omsorgstenestene ikkje i stor nok grad evnar å tenkja nytt og utvikla nye metodar. Det har derfor vorte auka fokus på nytenking eller innovasjon innanfor kommunehelsetenesta. Brukarane endrar seg, og teknologien opnar for nye mogelegheiter, og det må også gi konsekvensar for innretting av tenestene.

Vaksdal kommune ønskjer å ta konsekvensen av dette, og me ønskjer å vera ein av dei kommunar som evnar å utvikla seg i takt med tida. Me set derfor i gang forprosjektet for å utgreia korleis teknologi kan bidra til at innbyggjarane og brukarane av helse- og omsorgstenester får eit liv der dei kan delta aktivt og meistra mest mogeleg sjølv. I dette ligg også at me vil nytta tilgjengelege ressursar på beste og rettaste måte.

Forprosjektet går fram til sommaren 2016, og me har fått økonomisk støtte frå Fylkesmannen til m.a. kompetanseheving og studieturar. Prosjektskissa som vart utarbeida i samband med søknad om midlar frå Fylkesmannen, vekte merksemda til forskargruppa ved Senter for omsorgsforsking Vest / Høgskolen i Bergen, og me er no i ferd med å inngå samarbeid med dei. Senter for nyskaping vert også med i forprosjektet, og me er i dialog med andre mogelege samarbeidspartar. Internt i kommunen vil både tilsette, tillitsvalde og brukarrepresentantar delta.
Me trur me har mykje å vinna på å få med oss forskarar og høgskulemiljø og gledar oss til å komma i gang med denne spanande og viktige satsinga.

Forprosjektet er forankra politisk gjennom Utval for levekår, Formannskapet og Kommunestyret og er lagt til grunn i Økonomiplanen for 2016 -2019. 


Sist oppdatert: 04.12.2018
Publisert: 13.11.2018