HeimProsjektDISH - Digital Innovation & Skills Helix in Health

DISH - Digital Innovation & Skills Helix in Health

Om prosjektet

Kvart land skal delta med tre viktige samfunnssektorar: Utdannings- og forskingssektoren, helsesektoren og næringslivet.

I Norge er deltakarane:

-          Senter for omsorgsforsking Vest, Høgskulen på Vestlandet

-          Vaksdal kommune - ved helse og omsorg

-          Norwegian Smart Care Cluster

I første del av prosjektet skal ein kartlegge kompetansebehovet knytt til innføring/implementering av velferdsteknologi, endringsleiing, digitale ferdigheiter og innovasjonsberedskap hos tilsette. Deretter skal det utarbeidast verktøy og materiale som kan fylle kunnskapsgapet ein finn i første fase av prosjektet.  Dette verktøyet skal testast ut på minimum 100 tilsette i kvart land i 5 ulike kommunar eller sjukehus. I  etterkant skal det utarbeidast rapport for Norge og for heile prosjektet, der ein skal kome med anbefalingar og lovande praksis knytt til opplæring av tilsette i helse og omsorg. Den generelle evalueringa skal knytast til sjølve verktøyet (produktet) og prosessen gjennom heile prosjektet.

Prosjektet starta i november 2018  og skal vere ferdig i  november 2021.

Vaksdal kommune blir pilotkommune i 2020

Neste år skal verktøya som skal utarbeidast, vera klar til testing, og Vaksdal kommune skal vera piloten for dette i Norge.

DISH er eit EU-prosjekt som er finansiert gjennom Erasmus + midlar. Prosjektet er leda av partner i Danmark, og dei andre deltakande landa er Spania, Tyskland, Polen, England og Norge.

I Vaksdal kommune er det prosjektkoordinator Anita L. Sævild og kommunalsjef Solrun Hauglum som saman med dei andre aktørane i Norge held på med kartleggingane i 2019.

Kontaktperson i Vaksdal kommune

Anita Lønnebakken Sævild

E-post: anita.sevild@vaksdal.kommune.no

Mobil: 959 87 640

Nyheitsbrev frå prosjektet

Newsletter - issue 1 - July 2019


Sist oppdatert: 15.08.2019
Publisert: 15.08.2019