HeimPersonvernerklæring og informasjonskapslar

Personvernerklæring og informasjonskapslar

For å kunne utøve mynde og tilby deg gode tenester, må vi ofte behandle opplysningar om deg elektronisk eller i eit register. Her kan du lese mellom anna korleis vi behandlar personopplysningane dine, kva som er formålet og kva rettar du har.

Grunnprinsipp 

Vi har fleire grunnleggjande prinsipp som gjeld korleis vi skal handtere personopplysningane dine. Det er at vi skal behandle desse: 

  • lovleg, rettferdig, korrekt og ope 
  • konfidensielt, verna mot utilsikta endring og vere tilgjengelege 
  • vere samla inn til bestemte formål og ikkje seinare bli brukt på ein måte som er i strid med dette 
  • berre blir nytta for det konkrete formålet, og ikkje lagra lenger enn det som er nødvendig eller pålagt 
  • vere oppdaterte

Vi som kommune har berre lov å handsame dine personopplysningar om:

  • det er krav om det i lov eller forskrift
  • kommunen skal sikre ei rett du har
  • du har gitt klart samtykke til det

Kva betyr dette for deg?

Når kommunen handsamar personopplysningar om deg, skal du alltid få vite kva opplysningar som vert handsama, kva dei skal brukast til, og når opplysingane vert sletta. Du har rett til:

  • at dine personopplysningar berre vert handsama for det formålet dei vart innsamla for
  • å få innsyn i kva personopplysningar som vert handsama om deg, og om ynskjeleg få kopi av desse utlevert på papir eller digitalt.
  • å få korrigert opplysningar som ikkje er korrekt
  • å krevje at vi slettar opplysningar (gjeld ikkje opplysningar som kommunen etter lov plikter å behalde)
  • å protestere mot handsaminga av personopplysningar (til dømes om formål eller vilkår ikkje lenger gjeld)
  • å få tilgang til personopplysningane dine på eit strukturert, maskinlesbart og brukbart format. Denne retten er omtala som dataportabilitet i GDPR, men den gjeld berre:
    • når behandlinga ikkje har rettsleg grunnlag
    • når utlevering er teknisk mogleg
    • for opplysningar du sjølv har gitt til kommunen gjennom samtykke eller kontrakt
    • for personopplysningar som vert behandla elektronisk

Du kan lese meir om dette i Personopplysningsloven og personvernforordningen artikkel 12 og 15. 

Kven deler vi personopplysingane dine med?

Ved nokre høve blir personopplysingane dine formidla til andre. Det kan vere samarbeidsorgan (for eksempel NAV og Husbanken) eller andre som vi har plikt til å gi informasjon til. Det kan eksempelvis også vere driftsleverandørar eller andre som må utføre oppgåvene sine og har tilgang til opplysingane dine. 
Vaksdal kommune vil i slike tilfelle alltid forsikre seg om at utvekslinga er basert på lovleg grunnlag, at teiepliktinstruksar blir overhaldne og at eventuelle nødvendige avtalar blir inngått. 
Opplysningane kan i samband med dette også bli overførd til land utanfor Europa. 

Meir informasjon om dei rettane dine finn du på nettsidene til Datatilsynet.

Korleis ber du om innsyn, retting eller sletting ?

Ønskjer du å vite kva personopplysningar vi har lagra om deg, eller vil be om at vi rettar eller slettar opplysningar, ta kontakt:

Kven er ansvarleg  for handsaminga?

I Vaksdal kommune er det rådmannen som er behandlingsansvarleg og har det øvste ansvaret for personvernet.

Rådmann i Vaksdal kommune er Trine Grønbech.

Personvernombod

Alle verksemder skal ha eit personvernombod. Ombodet skal hjelpe kommunen å følgje regelverket, og er kontaktperson for deg som ønskjer meir informasjon om dine rettar.

Vaksdal kommune sitt personvernombod:

Om du, etter dialog med kommunen og/eller personvernombod, meiner at kommunen ikkje handsamar opplysningane dine i samsvar med personopplysningslova, kan du klage til Datatilsynet.

Trykk her for å gå til Datatilsynet sin side om korleis du kan klage.

Kva gjer informasjonskapslar?

Ein informasjonkapsel er ein kode som vert sendt frå vår server til nettlesaren på din PC når du er inne på heimesida. Denne koden vert lagra i nettlesaren. Når du seinare går inn på heimesida, vil informasjonskapselen verte sendt frå nettlesaren din til serveren vår, som vil "kjenne att" din PC. Dette gjer det mogleg for serveren å tilpasse tenestene til deg som brukar. Har du til dømes stilt inn for høgkontrast attgjeving ein gong, vil serveren syte for at du slepp å gjere den innstillinga om att.

Informasjonskapslar blir brukt til personalisering, pålogging, språkstyring og for statistikk som vert brukt til forbetring av nettsidene.

Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomlova) trådde i kraft 1. juli 2013. Lova regulerer vilkår for lagring av opplysningar i kommunikasjonsutstyr - den såkalla "cookie-paragrafen" (ekomlova §2-7b).

Dei fleste nettlesarar er innstilte slik at dei automatisk aksepterer informasjonskapslar. Dersom du ikkje ynskjer å ta dei i bruk, kan du endre innstillingane i nettlesaren slik at informasjonskapslane ikkje vert lagra automatisk. Du kan bestemme om alle skal blokkerast, eller om du skal ha høve til å velje om dei skal aksepterast eller ikkje. Ved å ikkje akseptere informasjonskapslar, unngår du at PC-en din vert "kjend att" på sida du vitjar. Men samstundes må du rekne med å gå glipp av ein del av dei funksjonane som sida elles tilbyd.


Sist oppdatert: 18.10.2018
Publisert: 17.10.2018