Stasjonar i Vaksdal

Det går tog om lag ein gong i timen frå alle stasjonane på Vossebana.

Bilete av tog i fart på Stanghelle

Vaksdal stasjon er den 4. mest trafikkerte på Vossebana. Her kan du pendle til Bergen på om lag 28 minutt eller til Voss på 52 minutt.

Stanghelle stasjon ligg fint til nede ved fjorden. Her kan du pendle til Bergen på om lag 39 minutt og til Voss brukar du 44 minutt.

Dale stasjon ligg i kommunesenteret. Du brukar om lag 46 minutt til Bergen, og 34 minutt til Voss. Dale er eit kollektivknutepunkt og mange nyttar buss eller bil frå indre strok av kommunen til Dale for så å ta toget vidare.

Foto: Marit Hommedal



Publisert: 08.02.2022     Sist oppdatert: 22.02.2022