Kulturskule

Vaksdal kulturskule har tilbod på instrument, song, visuell kunst, band. Kulturskulen har og samarbeid med korps.

Bilete av elev og kulturskulerektor Sindre Sortland på ukulele

Kvar veke får om lag 100 elevar kulturskuleundervisning individuelt eller i gruppe.

Kulturskulen held til i Dale skule der vi har tilgang på gode øvingslokaler, mykje flott utstyr og kultursal til å halde konsertar.

Undervisninga skjer på ettermiddag og tidleg kveld, eller i SFO-tida. Ein del av undervisninga skjer på andre skular på ettermiddagstid, eller i SFO-tida.

Kulturskulen har tilbod til dei yngste, til ungdom og dei midt mellom.

Dalekunst er eit samarbeidsprosjekt mellom kulturskulen og Dale skule. Her får ungdommar utfolde seg i den visuelle kunsten. Nysgjerring? Trykk her for å komme til nettsida til Dalekunst.

Trykk her for å lese om tilbodet til kulturskulen på vaksdal.kommune.no. 



Publisert: 30.11.2021     Sist oppdatert: 21.02.2022