Dale skule

Dale skule er ein ny og moderne barne- og ungdomsskule som ligg i sentrum av Dale

Bilete av lærar og elev på Dale skule

Elevane på ungdomstrinnet kjem frå bygdene Vaksdal, Stanghelle, Stamnes og Dale, medan elevane på barnetrinnet er frå Dale.

Skulen satsar på digital undervisning og det er investert i digitalt utstyr som digitale tavler i alle rom, Chromebooks til alle elevane og VR-briller.

Det nye skulebygget har kultursal med plass til 250 gjestar, bibliotek og eit symjebasseng på 25 meter.

MOT

Skulen har utdanna to MOT- coachar som skal gjennomføre ulike økter med elevane etter ulike tema gjennom skuleåret. 

Desse øktene skal trena ungdomane til å bli meir robuste til å ta eigne gode valg når dei kjem i ulike situasjonar. Målet er at ungdomane skal bli tryggare på seg sjølv og ha MOT til å seia nei.

Her kan du lese meir om MOT.

PALS

Me er ein PALS skule som arbeider for eit positivt læringsmiljø. 

Visjonen til skulen er "Opplevingar og læring i sentrum".

Trykk her for å finne kontaktinformasjon til Dale skule.



Publisert: 12.10.2021     Sist oppdatert: 07.08.2023