Dale barnehage

Barnehagane i Vaksdal arbeider målretta med eit inkluderande miljø og å vera ein god og trygg plass for barna.

Bilete av barn som koser seg med eit glas saft ein sommardag i Dale barnehage

Dale barnehagen ligg i sentrum av Dale og har to avdelingar. Den ligg nær andre tilbod som bibliotek, fleirbrukshall og fint tur- og parkområde som blir flittig nytta.

Dei siste åra me vore ein «Livsgledebarnehage» der me har jamlege treff og samarbeid med Daletunet omsorgssenter, til felles glede for både barn og eldre.

Barnehagen har gangavstand til butikk, skule, tog og buss.

Barnehagane i Vaksdal arbeider målretta med eit inkluderande miljø og å vera ein god og trygg plass for barna.

Me er glade i å vera ute og opptekne av at barna skal vera i fysisk aktivitet.

Barna nyttar nærmiljøet til å gå på tur, ofte med niste i sekken. Sosial kompetanse og leik, saman med eit rikt og variert språkmiljø i kvardagen er nokre av våre viktigaste oppgåver.

Barnehagane serverer frukt og smørjelunsj kvar dag, med varme måltider jamnleg.

Trykk her for å finne kontaktinformasjon til Dale barnehage.



Publisert: 22.11.2021     Sist oppdatert: 18.02.2022