HeimVeg, vatn, avlaup og bossVegTrafikksikker kommune

Trafikksikker kommune

Vaksdal kommune vart i januar 2016 godkjent av Hordaland fylkeskommune og Trygg trafikk som fylket sin fyrste "Trafikksikker kommune". 

Å vere godkjent som trafikksikker kommune betyr ikkje at det ikkje skjer trafikkulukker, men godkjenninga er eit kvalitetsstempel for godt, målbevisst og heilskapleg arbeid med trafikktryggleik. Godt trafikktryggleiksarbeid gjev kommunen bra omdømme, færre skader og fornøgde innbyggjarar.

For å lukkast må alle kommunen sine einingar bli involvert i arbeidet og den enkelte einingsleiar ta delansvar. Arbeidet er forankra i den politiske og administrative leiinga.

 

Kriterier for trafikksikker kommune

Politisk og administrativ leiing

  • kommunen har forankra ansvaret for trafikktryggleiksarbeidet

  • kommunen har innarbeida trafikktryggleik i HMS/internkontrollsystemet som inneheld reglar for reiser og transport i kommunen sin regi, og ved kjøp av transporttenester

  • kommunen har ein trafikktryggleiksplan som er forankra i fylket sin trafikktryggleiksplan.

  • kommunen har innarbeida kriterie / sjekklister for kommunen sine einingar (HR, barnehage, skule, kultur, helse og veg)

  • kommunen påverkar lag og foreiningar til å innarbeide reglar for trafikktryggleik

Barnehage

Trafikktryggleik i barnehagen generelt

  • trafikkopplæring vert integrert som ein del av barnehagen sitt omsorgs- og opplæringsarbeid og i barnehagen sin årsplan

  • barnehagen har utarbeida rutinar for å ivareta trafikktryggleiken på turar til fots, med bil eller buss

Trafikkopplæringa i barnehagen

  • borna lærer enkle trafikkreglar for fotgjengarar, om sikring i bil, sykkelhjelm og refleks

Samarbeid mellom barnehage og heim

  •  rutinar for å ivareta borna sin tryggleik ved barnehagen sin parkeringsplass og port vert gjennomgått årleg med foreldre og tilsette

  • det vert stilt “krav” til foreldre om å sikra born på veg til og frå barnehagen

  • trafikktryggleik og trafikkopplæring er eit integrert tema på foreldremøter

Samfunnsutvikling

  • har ansvar for kommunen si drift og vedlikehald av kommunen sine vegar

  • planlegg og gjennomfører dei fysiske trafikktryggleikstiltaka som er prioritert innanfor kommunen sine økonomiske rammer

Helse og omsorg

  • fremja folkehelse, spreie opplysning og gje råd om kva innbyggjarane sjølv kan gjere for å førebyggje skader

 

Kontaktperson

Gjertrud Karevoll

Samfunnsplanleggjar

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål eller innspel i arbeidet med å vere ein trafikksikker kommune.

Dalekunst

Skulen har involvert elevane i trafikktryggleiksarbeidet gjennom blant anna Dalekunst.

Sjå videoar her.

Klipp hekk og busker! 

Tenk lokaltryggleik i ditt lokalmiljø - Sjå brosjyren vår her

Les meir

Les meir om Trafikksikker kommune på Trygg trafikk sine heimesider.


Sist oppdatert: 30.10.2018
Publisert: 02.08.2018