Befolkningsvarsling

Vi sørgjer for at du får melding via telefon eller SMS ved planlagt vedlikehald av leidningsnettet, uventa vass-stans, eller ved tilrådd koking av vatn. Også i andre situasjonar kan det vere aktuelt å nytte systemet for å nå ut til innbyggjarane med viktig informasjon.

Varslinga skjer ved at det blir sendt ut SMS til alle mobiltelefonar, og ei automatisert talemelding til dei kontaktpersonane som berre er registrerte med fasttelefon.

Korleis verkar det? 

I samband med vassavstengingar, lekkasjar, driftsavbrot og liknande vil det gå ut ei melding om kva som har skjedd, eller kva som skal skje. Systemet fangar opp alle registrerte telefonnummer på eigedomar i det rørte området.

Når du tek telefonen får du melding om å taste 1 for høyre ei melding som er lese inn.

På slutten av meldinga blir du bedd om å taste:

1 - for å stadfeste at du har oppfatta meldinga

0 - dersom du ønskjer å få meldinga lese opp ein gong til

Dersom du ikkje tastar 1, vil systemet ringe deg opp på nytt (inntil 3 gangar).

Korleis finn kommunen mitt telefonnummer?

Adressedatabasen som blir nytta under varsling er ei samanstilling av informasjon frå Folkeregisteret, nummeropplysing frå alle teleoperatørane og informasjon om gards- og bruksnummer. Innbyggjarar under 16 år ligg ikkje i adressedatabasen, og mottek dermed heller ikkje varsel.

Får eg varsel? Korleis sjekkar eg det?

Klikk her for å kontrollere og endre oppføringa di i registerdatabasen

Her kan du også registrere deg på ei adresse du ikkje er folkeregistrert på, dersom du for eksempel ønskjer å få varsel ved hendingar som rører fritidseigedom, studentbustad eller liknande.

Merk at dersom telefonen din er registrert på arbeidsgjevar, må du sjølv leggje denne til på den folkeregistrerte oppføringa di for å få varsling på hendingar på heimeadressa.

Hemmeleg nummer?

Adressedatabasen fangar ikkje opp personar med hemmeleg nummer, noko som betyr at dei ikkje mottek varsling med dagens system. Du som har eit slikt nummer og ønskjer varsling, kan registrere deg i databasen, som blir halden hemmeleg for alle andre.

Blir også bedrifter varsla?

Adressedatabasen som blir nytta under varsling inneheld også adresse og telefonnummer til bedrifter. Det kan vere vanskeleg å nå dei rette personane og bedrifta blir derfor tilrådd å endre eller leggje til nummer og kontaktpersonar som skal varslast: De kan klikke her for å registrere riktig kontaktnummer  

Merk at varsel til fasttelefonar skjer via automatisert telefonoppringing. Telefonnummer med automatisk svarteneste eller tasteval for vidarekopling er derfor ikkje eigna som kontaktnummer for næringsverksemd. Dersom bedrifta di er registrert med eit slikt nummer, bør nummeret endrast for å vere sikker på at bedrifta mottek varsling.

Varslingssystemet er meint som ein tryggleik for bedrifta, verksemda eller institusjonen din.

Dersom vi skal kunne nå dykk på ein rask og effektiv måte er vi avhengige av hjelp frå dykk.

De kan klikke her for å registrere riktig kontaktnummer 

Sårbare verksemder - Abonnentar med spesielle behov for varsling ved bortfall av vassforsyninga

Vi tek spesielle omsyn til såkalla sårbare abonnentar ved endringar i vasskvalitet eller vassmengd. Det er spesielt låg terskel for å varsle denne gruppa, og gruppa vil bli prioritert med varsling ved driftsforstyrringar på vassleidningsnettet. Har di verksemd eller organisasjon særskild behov for varsling kan de registrere adressa som sårbar abonnent i  portalen for vedlikehald av kontaktdata.

Tenesta blir tilboden til spesielt sårbare abonnentar som:

Alders- og sjukeheimar

Frisørar

Hotell

Legar/medisinsk

Næringsmiddelindustri

Reinseri/vaskeri

Restaurantar/serveringsstader

Skule/barnehage

Sjukehus

Tannlegar/tannhelse

Dersom du høyrer heime i ei av desse gruppene, eller meiner du er spesielt sårbar av andre grunnar, kan du setje adressa di som sårbar abonnent her

Har du fleire spørsmål?

Send ein e-post til: info@vaksdal.kommune.no


Sist oppdatert: 08.04.2019
Publisert: 26.06.2018