Befolkningsvarsling

Vi sørgjer for at du får melding via telefon eller SMS ved planlagt vedlikehald av leidningsnettet, uventa vann-stans, eller ved tilrådd koking av vann. 

Også i andre situasjonar kan det vere aktuelt å nytte systemet for å nå ut til deg som innbyggjar med viktig informasjon.

Varslinga skjer ved at det blir sendt ut SMS til alle mobiltelefonar, og ei automatisert talemelding til dei kontaktpersonane som berre er registrerte med fasttelefon.

Korleis verkar det? 

I samband med vannavstengingar, lekkasjar, driftsavbrot og liknande vil det gå ut ei melding om kva som har skjedd, eller kva som skal skje. Systemet fangar opp alle registrerte telefonnummer på eigedomar i det rørte området.

Når du tek telefonen får du melding om å taste 1 for høyre ei melding som er lese inn.

På slutten av meldinga blir du bedd om å taste:

1 - For å stadfeste at du har oppfatta meldinga

0 - Dersom du ønskjer å få meldinga lese opp ein gong til

Dersom du ikkje tastar 1, vil systemet ringe deg opp på nytt (inntil 3 gangar).

Korleis finn kommunen mitt telefonnummer?

Adressedatabasen som blir nytta under varsling er ei samanstilling av informasjon frå Folkeregisteret, nummeropplysing frå alle teleoperatørane og informasjon om gards- og bruksnummer. Innbyggjarar under 16 år ligg ikkje i adressedatabasen, og mottek dermed heller ikkje varsel.

Kontrollere og endre oppføring i adressedatabasen

Klikk her for å kontrollere og endre oppføringa di i registerdatabasen

Her kan du også registrere deg på ei adresse du ikkje er folkeregistrert på, dersom du for eksempel ønskjer å få varsel ved hendingar som rører fritidseigedom, studentbustad eller liknande.

Merk at dersom telefonen din er registrert på arbeidsgjevar, må du sjølv leggje denne til på den folkeregistrerte oppføringa di for å få varsling på hendingar på heimeadressa.

Hemmeleg nummer?

Adressedatabasen fangar ikkje opp personar med hemmeleg nummer, noko som betyr at dei ikkje mottek varsling med dagens system.

Du som har eit slikt nummer og ønskjer varsling, kan registrere deg i databasen, som blir halden hemmeleg for alle andre.

Blir også bedrifter varsla?

Adressedatabasen som blir nytta under varsling inneheld også adresse og telefonnummer til bedrifter. Det kan vere vanskeleg å nå dei rette personane og bedrifta blir derfor tilrådd å endre eller leggje til nummer og kontaktpersonar som skal varslast:
Du kan klikke her for å registrere riktig kontaktnummer.  

Merk at varsel til fasttelefonar skjer via automatisert telefonoppringing. Telefonnummer med automatisk svarteneste eller tasteval for vidarekopling er derfor ikkje eigna som kontaktnummer for næringsverksemd. Dersom bedrifta di er registrert med eit slikt nummer, bør nummeret endrast for å vere sikker på at bedrifta mottek varsling.

Varslingssystemet er meint som ein tryggleik for bedrifta, verksemda eller institusjonen din.

Dersom vi skal kunne nå dykk på ein rask og effektiv måte er vi avhengige av hjelp frå dykk.

Du kan klikke her for å registrere riktig kontaktnummer

Sårbare verksemder - Abonnentar med spesielle behov for varsling ved bortfall av vannforsyninga

Vi tek spesielle omsyn til såkalla sårbare abonnentar ved endringar i vannkvalitet eller vannmengd.

Det er spesielt låg terskel for å varsle denne gruppa, og gruppa vil bli prioritert med varsling ved driftsforstyrringar på vannleidningsnettet.

Har de særskild behov for varsling kan de registrere adressa som sårbar abonnent i  portalen for vedlikehald av kontaktdata.

Tenesta blir tilboden til spesielt sårbare abonnentar som:

  • Alders- og sjukeheimar
  • Frisørar
  • Hotell
  • Legar/medisinsk
  • Næringsmiddelindustri
  • Reinseri/vaskeri
  • Restaurantar/serveringsstader
  • Skule/barnehage
  • Sjukehus
  • Tannlegar/tannhelse

Dersom du høyrer heime i ei av desse gruppene, eller meiner du er spesielt sårbar av andre grunnar, kan du merkke det av i systemet. 
Trykk her for å setje adressa di som sårbar abonnent her

Har du spørsmål?

Send ein e-post til: post@vaksdal.kommune.no


Sist oppdatert: 12.06.2023
Publisert: 26.06.2018