HeimSkule og utdanningVaksdal skule 2020 - 2022

Vaksdal skule 2020 - 2022

Innskriving til skuleåret 2020-2021

Innskriving til skuleåret 2020-2021

Borna frå Vaksdal og Stanghelle vil få invitasjon frå rektor Monika Antun.

Skuleskyss

Vi skal ha klart busslister kven som skal reise med kva buss i god tid før skulestart.

Elevane treng ikkje busskort for skuleskyssen. 

Morgon (alle dager):

07.40 - Buss frå Stavenes via -Sandvik-Langhelle-Bogo. (Både barnetrinn og ungdomstrinnselevar.) Bussen kjører til Stanghelle skule før den fortset til ungdomsskulen.

07.45 - Buss frå SFO Jamne, er på senteret 0750 («SFO-bussen», i hovudsak 1- 4.trinn).
07.50 - Buss frå senteret 07.50 (i hovudsak mellomtrinn).

Skuleslutt - retur frå Stanghelle:

 

Måndag

Tysdag

Onsdag

Torsdag

Fredag

1-2.trinn

13.10

13.10

11.45

13.10

13.10

3-4.trinn

14.25

13.10

13.10

13.10

13.10

5-7.trinn

14.25

14.25

13.10

14.25

14.25

SFO

SFO Vaksdal vil i byggjeperioden vere i den tidlegare barnehagen på Jamne. Bussen vil hente og bringe borna til og frå Jamne SFO.
 
Søknadsfristen for å søke SFO er 1.april. Om du har spørsmål til søknadsprosessen kan du ta kontakt med SFO-leiar Jenni Haugland eller SFO-leiar Ingvild Lekve. 

Av omsyn til morgonskyss til Stanghelle vil ordinær opningstid på SFO Jamne vere frå  kl 07.15. til kl 16.00. Søknadar om utvida tid morgon eller ettermiddag gjer du i forbindelse med SFO-søknad.

 

Måndag

Tysdag

Onsdag

Torsdag

Fredag

1.-2.trinn

1325-1600

1325-1600

1200-1600

1325-1600

1325-1600

3.-4.trinn

1440-1600

1325-1600

1325-1600

1325-1600

1325-1600

Klassar og lærarar

Tilsette som i dag arbeider ved Vaksdal skule vil frå hausten arbeide ved Stanghelle skule. Monika Antun vil vere rektor for heile skulen. Me arbeider no med å fastsetje klassedelinga og kontaktlærarkabalen for neste skuleår. Dette vil vere på plass i god tid før sommarferien.  

Kontaktinformasjon

Rektor Monika Antun

SFO

Ingvild Lekve


Sist oppdatert: 19.05.2020
Publisert: 10.03.2020