HeimSkule og utdanningSkulane våre

Skulane våre

Vaksdal skule

Rektor Monika Antun

Adresse 

Vaksdalsgarden 25
5725 Vaksdal

Her finn du oss. Sjå kart 

SFO: 488 80 337 

Om Vaksdal skule

Vaksdal skule er ein 1-7 skule med litt over 100 elevar. Skulen ligg flott til med utsikt over Sørfjorden og Veafjorden. På Vaksdal skule legg vi vekt på eit inkluderande miljø og fagleg mestring, og nyttar mellom anna aldersblanda grupper, aktivitetsleiarar og PALS (positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling i skulen) for å oppnå dette. 

Stamnes skule

Rektor Hanne Dyvik

Adresse 
Eidslandsvegen 850
5727 Stamnes

Her finn du oss. Sjå kart. 

SFO: 488 80 353

 

Om Stamnes skule

Stamnes skule er ein fådelt barneskule, som ligg 10 kilometer frå kommunesenteret Dale. Skulen vår er sertifisert som ein Grønt Flagg Skule. Me har særleg fokus på miljø i vid forstand og har umiddelbar nærleik til fjord og fjell.

Skuleåret 2018/19 satsar me på digitalisering og tilbyr alle elevane våre eiga Chromebook. 

Eksingedalen skule

Rektor Liv Anne Bergo

Adresse 
Eksingedalsvegen 2240
5728 Eidslandet

Her finn du oss. Sjå kart. 

Om Eksingedalen skule

Eksingedalen skule er ein 1- 10 skule. 
Skulen ligg på Bergo i Eksingedalen, med natur og jordbruk tett på. Dette nyttar skulen seg av i mange ulike fag.

Skulen har lang tradisjon for å jobba tverrfagleg og på tvers av klassetrinn.  På den måten bind ein elevgruppa saman og slik får ein læra saman med andre. Digitalisering er òg eit satsingsområde for skulen.

Me ynskjer motiverte elevar som er aktive i si eiga læring, der arbeidsoppgåver og tema opptek dei. I undervisninga vert undring og utforsking vektlagt. Barneskulen har mellom anna vunne sølv i Nysgjerrigper to år etter kvarandre.

Skulen er viktig i lokalsamfunnet – og lokalsamfunnet er viktig for skulen. Familiane og bygdefolket vert inviterte med i fag som ressurspersonar - og til sosiale samkome på skulen der elevane presenterer noko dei har lært og er gode til.

«Eksingedalen skule skal vera ein god stad å vera, ein god stad å læra – og gjera elevane trygge ut i verda»

 

Stanghelle skule

Rektor Robert Mjelde Flatås

Undervisningsinspektør Leif Inge Eide

Adresse 
Brekkjen 23, 5724 Stanghelle

Her finn du oss. Sjå kart. 

SFO Stanghelle: 488 80 302 

SFO Turbinen: 959 87 500

Les direkte oppdatert nytt frå Facebooksida vår her.

Om Stanghelle skule

Stanghelle skule er ein fulldelt barneskule (1.-7. trinn). Skulen har 186 elevar, driftar 2 SFO-avdelingar og har 36 tilsette. Uteområdet til skulen er fint opparbeida med kunstgrasbane, skate-rampe, skogsområde, sandvolleybane og fleire leikeapparat. Det er store moglegheiter for bruk av naturområda rundt skulen.

På skulen har vi PALS (positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling i skulen) som eit viktig arbeidsverktøy for å skapa eit trygt læringsmiljø for elevane. Trivsel og tryggheit for alle elevane er viktig for skulen, og vi legg til rette for eit tett samarbeid mellom lærarar, fagarbeidarar/elevassistentar og mellom skulen og SFO.

Skulen si pedagogiske plattform har 3 kjerneverdiar som er utdjupa frå vår visjon om å gjere kvarandre gode. Kjerneverdiane er tydelege vaksne, elevmedverknad og godt samarbeid heim-skule. Lesing, samarbeidslæring, vurdering og det digitale klasserommet er viktige satsingsområde for skulen framover.

Hausten 2016 opna skulen nytt Læringssenter med ei heilt ny boksamling til glede for både elevar og tilsette.

Dale skule

Rektor Magnar Helland

Undervisningsinspektør Ove Magne Straume

Adresse:
Skulegata 30, 5722 Dalekvam

Her finn du oss. Sjå kart. 

Postadresse: 
Postboks 64, 5721 Dalekvam

Om Dale skule 

Dale barne- og ungdomsskule er for tida berre ungdomsskule (8. – 10.trinn). Slik vil det vera fram til hausten 2020. Ved oppstart av skuleåret 2020/2021 vil ein heilt ny 1. – 10. skule stå klar til innflytting. Samstundes vil elevane våre i 1.-7.klasse koma attende frå Stanghelle skule.

I mellomtida nyttar me ein del av det gamle skuleanlegget for ungdomsskuleelevane våre. Dette bygget vart ombygd og rehabilitert sommaren 2018.

I tida framover ynskjer me å ha fokus på digitale ferdigheiter og ikkje minst gode haldningar til digitale verkty. Til inneverande skuleår har vi kjøpt inn Chromebooks til alle elevane. 


Sist oppdatert: 19.11.2018
Publisert: 24.05.2018