HjemSkule og utdanningSFO - Skulefritidsordning

SFO - Skulefritidsordning

Gratis SFO for 1. og 2. klasse frå 1. august 2024

Kommunestyret i Vaksdal har vedtatt at  det blir gratis SFO for 1. og 2. klasse frå 1. august 2024

Alle elevar i 3. klasse med 100% plass på SFO får 12 timar gratis pr veke frå 1. august 2024. 

Kontaktinformasjon SFO

Dale SFO: 959 87 500

  • Leiar: Magnhild Balestrand 

Vaksdal SFO:

  • Leiar: Jenni Haugland

Stanghelle SFO: 488 80 302

  • Leiar: Mette Stanghelle Hvidsten 

Stamnes SFO: 488 80 353

  • Leiar: Agnetha Olsen Brekkhus
Søkje, gjere endringar og søkje om redusert opphaldsbetaling på SFO 

Trykk her for å søkje, gjere endringar eller søkje redusert opphaldsbetaling på SFO.

Som føresett har du tilgang til appen Min skole, der du mellom anna kan sende og lese meldingar. No har vi i tillegg fått ny føresettportal. Gjennom føresettportalen kan du søkje om elevpermisjon og anna knytt til SFO. 

Treng du hjelp, ta kontakt med einingsleiar Jill Bru Johansen:

100% SFO-plass er 07:30 - 16:00 (ordinær opningstid).

Utvida morgon er 30 min : 07:00- 16:00
Utvida ettermiddag er 30 min: 07:30- 16:30
Utvida morgon og ettermiddag er 60 min 07:00- 16:30

 Opningstider

Felles kjernetid for alle SFO-ordningane i kommunen er klokka 07.30 - 16.00.

Det er mogeleg å søkje om utvida tid. Utvida tid morgon eller ettermiddag kostar kr. 310,- i månaden for 100% plass. For meir informasjon ta kontakt med skulen sin SFO. 

Har du behov for å kjøpe dagsplass i SFO? Ta kontakt med SFO-leiar ved din skule.

For å få utvida opningstider må minst seks elevar på din skule søkje om dette.
(Fire på Stamnes. Meir enn 50% av borna.)

Prisar pr 1. januar 2024

Årsaka til at prisane varierer mellom dei ulike skulefritidsordningane, er at det er litt ulike oppstart- og sluttider for skuletida ved skulane. 

Alle elevar i 1. og 2.  klasse med 100% plass på SFO får 12 timar gratis pr veke. 

Har barnet redusert plass vil tal gratis timar  variere.

Har du spørsmål, ta kontakt med einingsleiar Jill Bru Johansen:

Prisar heil plass
  • Vaksdal               kr 3.046,- pr månad
  • Stanghelle           kr 2.973,- pr månad
  • Dale                     kr 2.973,- pr månad
  • Stamnes              kr 2.563,- pr månad
Prisar 80% plass
  • Vaksdal               kr 2.437,- pr månad
  • Stanghelle           kr 2.379,- pr månad
  • Dale                     kr 2.379,- pr månad
  • Stamnes              kr 2.050,- pr månad

Du kan søkje om følgjande reduserte plassar:  80%, 60%, 50% og 40%. Når du vel redusert plass, vel du faste vekedagar.

Syskenmoderasjon:  30% for barn 2 og 60% for  barn 3.

Dagsplass i SFO

Du kan søkje om å kjøpe dagsplass i SFO for inntil 12 dagar pr barn pr kalenderår.

Prisar:

  • Skuledagar kr 200,- pr dag
  • Skuleferie kr 300,- pr dag.
  • Syskenmoderasjon 30 % for barn 2 og 60 % for barn 3.
Vedtekter for skulefritidsordninga

Trykk her  for å lese vedtekter for skulefritidsordninga i Vaksdal kommune (PDF)


Sist oppdatert: 05.03.2024
Publisert: 29.05.2018