HeimSkule og utdanningNy skule på Dale opnar 2020Utvikling i arbeidetVaksdal kommune har no avgjort konkurransen om bygging av ny barne- og ungdomskule på Dale

Vaksdal kommune har no avgjort konkurransen om bygging av ny barne- og ungdomskule på Dale

Me har gleda av å informere om at kontrakt vert tildelt Consto Bergen AS. 

Kontrakten har ein verdi på kring 200 millionar kroner inklusiv meirverdiavgift. I samband med dette vedtok kommunestyret den 7. mai å utvide rammen for heile prosjektet med 3,1 millionar kroner til 265,6 millionar kroner.

Karensperiode og kontraktsignering
Avtalen er ikkje inngått før kontrakten er signert av begge partar. Anskaffingsforskrifta seier at det skal vere ein karensperiode frå tidspunktet oppdragsgivar gir melding om kontraktstildelinga til avtalen kan signerast.

Karensperioden går ut 19.05.2018 kl 24:00. Etter denne datoen kan Vaksdal kommune inngå kontrakt. De vil bli kontakta om kontraktssigneringa.


Sist oppdatert: 08.11.2019
Publisert: 28.09.2018