HeimSkule og utdanningNy skule på Dale opnar 2020Utvikling i arbeidetOrdføraren la ned tidskapsel på den nye skulen måndag 13. mai

Ordføraren la ned tidskapsel på den nye skulen måndag 13. mai

Ordførar Eirik Haga legg ned tidskapsel

Slik kan dei som ein gong i framtida opnar den, få eit innblikk i korleis vi hadde det i 2019.

 Kake til feiringa

Her vil dei mellom anna finne helsingar frå skuleelevar og barnehageborn, ei VM-lue med oppskrift på minnepinn frå Dale of Norway og nokre utgåver av Vaksdalposten. Talene til ordførar og kommunalsjef for oppvekst fann og vegen ned i boksen.

Kommunalsjef Ann Kristin Bolstad held tale
Og ingen markering skjer i Vaksdal kommune utan kulturelle innslag. Biblioteksjef Jan Erik Kolaas las mellom anna frå Vaksdal historielag sin årbok for 2018, om korleis det var å starte på skulen i 1929.
Flotte syngande ungdomar frå 8. klasse framførte songen "Vestlandet" i lag med Hege Eide Vik og Renathe Vik.

Elever syng


Sist oppdatert: 08.11.2019
Publisert: 14.05.2019